AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner p BIN Ukens spill Ekspertklubben Ntteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
G for gull
I partevling er det lov å satse hardt for å få maks antal stikk. Oddmund Midtbø har rapportert inn eit fint døme på nettopp dette, frå ein klubbkveld i Askøy BK. 

 
E kn 8 7 2
9 7 6
D 10
kn 9 3
 
10 6 4
8 5
kn 6 3
K 7 6 5 4
D 9 5 3
E 3 2
8 7 5 4
D 10
 
K
K D kn 10 4
E K 9 2
E 8 2
 
 
VestNordØstSyd
RiisenMidtb
passpass1 hj
pass1 sppass4 hj
passpasspass


Vest valde å spela hjarter ut, ikkje mitt fyrsteval etter eit slikt meldingsforlaup, og ingen suksess slik spelet skulle koma til å utvikle seg. Aust stakk med esset, og Midtbø var på høgda då han avblokkerte tiaren. Aust kunne no ha sabotert Midtbøs djevelske plan ved å skifte til ein minorfarge, men han fortsette naturleg nok med ny trumf. Midtbø stakk på handa.
 
I utgangspunktet verkar elleve stikk som det naturlege resultatet i denne kontrakten, og det er òg det som er analyseprogrammet sin fasit. Men Midtbø såg at han no hadde fått sjansen på eit tolvte stikk om sparen var fordelt 4–3: Det fordrar berre at ein finn tilstrekkeleg med inntak hjå blindemann.
 
Han la difor ned spar konge, og tok sjansen på ruter til tiaren! Deretter spar ess med avkast av ein kløver, og så spar til steling med høg hjarter. Så gjekk den godt ivaretekne hjarter fire til niaren i bordet, og ein ny spar til steling med nok ein høg hjarter.  
 
No var ruter dame inntak til sparen i bordet, og på den godspela spar knekt forsvann ei andre kløverfille på handa. Endeleg kunne kløver spelast til esset, og ess og konge i ruter hentast heim.
 
Elleve stikk hadde gjeve under middels, då det ikkje var nokre lægre scorar enn 450, og to par hadde fått elleve stikk i 3 grand. Midtbøs makker, Stein Gustav Riisøen, kommenterte at han tykte makkeren spela som om han var i slem. Men ein rein og udelt topp i partevling skadar vel heller ikkje?

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger