AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner p BIN Ukens spill Ekspertklubben Ntteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Fr junior til ekspert i same spel
Villiam Ovesen er ein fargerik spelar frå Vardø, busett i Trondheim. Ulikt mange andre bridgespelarar innser han sine eigne avgrensingar, men han veit òg at han har eit utviklingspotensiale.
 
Vi skal ein tur attende til Bridgefestivalen i Drammen. Ved eit tilfelle under NM Monrad Lag, gjekk Ovesen heile vegen frå det amatørmessige til det briljante i eitt og same spel.

 
E 9 5 3
D 5 3
9 6
D 9 7 6
 
8 7 6
E 9 8 2
K 8 5 4 2
4
D kn 4 2
K kn 4
10 3
K 5 3 2
 
K 10
10 7 6
E D kn 7
E kn 10 8
 
 
VestNordØstSyd
R. PaulsenV. Ovesen
pass1 gr
pass2 klpass2 ru
pass2 grpass3 gr
passpasspass

 
Ovesen likte tiarane og dei fine firekortsfargane sine. Han la hardt, men ikkje urimeleg, på til utgang. Det er viktig å gje seg sjølv nokre prøver, det er nettopp det som genererer utvikling.
 
Utspelet var ruter fire, som gjekk til seksaren, tiaren og dama. Om kutten i kløver går, er det ikkje umogleg at kontrakten kan fyke heim, gjeve at forsvaret ikkje greier å forsyne seg med for mange hjarterstikk.
 
I andre stikk heldt Ovesen fram med spar ti til esset. Så fylgde det Ovesen sjølv kallar «ein juniorfeil». Han drog kløver dame frå bordet, men då aust var flink og unnlét å dekkje, la Ovesen sjølv åttaren. Han skulle avblokkert knekten eller tiaren, for i neste stikk å kunne dra kløver ni frå bordet og fylgje med åttaren, og såleis vera inne hjå blindemann for ein tridje kløverfinesse, om no sorten skulle sitja som han aktuelt gjorde. Ovesen såg med ein gong egget sitt, og måtte skuffa konstatere at det sat på akkurat den farlege måten, då han i neste stikk drog kløver til knekten: Vest var renons, og kasta ein ruter.
 
No var gode råd verkeleg dyre, og Ovesen måtte hente fram dei mest ekspertaktige tankane han greidde å tenkje, for i det heile å koma i nærleiken av ni stikk. Det var klårt at det måtte genererast eit sluttspel mot aust, der han blir tvungen til å servere endå ein kløverfinesse. Men fyrst måtte ein del kort eliminerast, så Ovesen fridde seg med hjarter, sorten der motparten eigentleg hadde sin forse.
 
Det er forbausande kor ofte dette trikset, å spela sin veikaste farge som speleførar, vippar fienden av pinnen. Her gjekk hjarteren til åttaren, dama og kongen, og aust såg no ikkje noko potensiale i denne sorten. Han heldt fram i ruter, som gjekk til sjuaren og kongen, og vest spela ny ruter, til sparavkast i bordet og ditto i aust.
 
Situasjonen var no som fylgjer:

 
9 5
5 3
-
9 7
 
8 7
E 9 2
8
-
D kn
kn 4
-
K 5
 
K
10 7
D
E 10
 
 

Då Ovesen tok for ruter dame, fekk aust det litt vondt. Aktuelt hadde avkast både av spar og av hjarter knekt fungert greitt, men det er ikkje alltid så lett å ha oversikt i desse situasjonane. I praksis kasta aust hjarter fire, og dimed var det gjort: Då Ovesen no tok spar konge før han fridde seg med hjarter, kunne jo ikkje vest bruke esset, som ville felt knekten og godspela tiaren i sør. I staden fekk aust koma inn på hjarter knekt, og kunne cashe eit sparstikk, for så å måtte gje Ovesen kløverkutten!
 
Eitt sparstikk, to hjarterstikk og eitt ruterstikk var alt forsvaret fekk. Denne sjuspelskampen vann forresten Ovesens lag, Steinhardt, med sifra 71–0. Tygg litt på det talet.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger