AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner p BIN Ukens spill Ekspertklubben Ntteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Stikk i btter og spann
3 grand er truleg den mest spela kontrakten i bridge, iallfall i partevlingar. Store poengsummar står på spel både i kortføring og motspel, men for eminente partevlingshaiar har kontrakten ein tendens til å bli ei gullgruve.
 
Vekas spel er eit døme frå Marit Sveaas-tevlinga, der det var sigerherren Terje Lie som tok nuven av to sterke motstandarar. 

 
E kn 2
10 9 8
E 9 8 4 2
kn 8
 
K 10 8 3
E 7 4 3 2
D 7
6 5
9 7 6
D kn 6 5
kn 10 6
D 4 2
 
D 5 4
K
K 5 3
E K 10 9 7 3
 
 
VestNordØstSyd
JohansenKvangravenGrudeLie
passpass1 gr
pass3 kl1)pass3 hj2)
pass3 grpasspass
pass
1) Puppet-Stayman
2) Ingen femkorts major


1 grand i opning på sørs hand er nok ikkje alle sin kopp te, men det er freistande. Som vi ser kan motparten ta fem hjarterstikk frå start, men utviklinga vart akkurat som Lie vona då han opna 1 grand: Liten hjarter kom ut til den single kongen.
 
Framleis må kløveren ordne seg. Nokre ville kanskje ha lagt ned esset før dei tok finessen, men fordi det er langt meir sannsynleg at vest har ein liten singleton enn akkurat dama singel, er det riktig å ta finessen direkte, for å fange opp dama fjerde i aust. Lie spela difor ruter til esset og drog kløver knekt. At aust dekte med dama, var nok hyggeleg å sjå.
 
No fylgde dei seks kløverstikka, og vest byrja føle på eit visst press. Han kasta ein spar, to hjarter og ruter dame, og så var situasjonen denne: 

 
E kn 2
10
9
-
 
K 10 8
E 7
-
-
9 7
D
kn 10
-
 
D 5 4
-
K 5
-
 


Ruter konge fylgde. På papiret er det lett å sjå løysinga: Vest må kaste hjarter ess. Det var nok overvegande sannsynleg at aust måtte ha hjarter dame, for sør ville vel ikkje ha late sjansen gå ifrå seg til sjølv å setja opp eit ekstra hjarterstikk, om han byrja med konge, dame?
 
Men i ein veik augneblink mot slutten av ei lang tevling, skilde vest seg åt med den vesle hjarteren sin. Lie las sitsen som ei open bok: Etter spar til knekten fylgde hjarter ti, som sette vest inn på esset. Han måtte deretter avslutte med spar opp i den kombinerte saksa.
 
Tolv stikk og 490 var naturlegvis ein kalasscore i partevling.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger