Sei at du vel å byrja med ein spar, som dei fleste gjorde. På åttaren frå bordet legg makkeren din femmaren, og sør tek stikket med tiaren. Så legg sør ruter ti i disken. Tankar?
Det fyrste vi kan fastslå, er at sør sannsynlegvis byrja med ess, konge ti tredje eller meir i spar. Om makker hadde hatt kongen, ville han sjølvsagt ha gjort rett i å ikkje leggje i den. Men då ville han neppe ha lagt femmaren, som er den største av dei uteverande småsparane.
Kløveren og hjarteren veit vi førebels ingenting om. Men sør spelar altså ruter ti. Lågt i andre hand er ein generell regel, men han gjeld fyrst og fremst når eit lågt kort går opp mot godsakene. Tiaren er ikkje så låg. Det kan jo hende at makkeren vår har ruter dame eller konge, men kvifor spelar sør tiaren frå handa, som kan vera ein bortkasta ressurs om vi til dømes har ein singel honnør? Det er noko mystisk med denne tiaren når vi sjølve rår over niaren. Sør ser iallfall ikkje ut til å ha langfarge i ruter. Kvifor spelar han ruter då, og ikkje til dømes kløver?
Det finst nok ingen god grunn til å leggje låg ruter, vi kan like gjerne gå opp på esset. På denne fylgjer makker med åttaren. Luktar du lunta no? Skjønar du kva du må gjera?