AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Pest eller kolera?
«Morton’s fork» heiter ein pikant situasjon som innimellom oppstår ved bridgebordet. Enkelt forklåra inneber det at ein spelar må velja mellom å stikke opp og såleis forære speleførar eit ekstra stikk direkte, eller leggje lågt og deretter bli utsett for ei anna form for uhumskheit, som gjer at speleførar likevel får det ekstra stikket sitt. Opphavet til namnet skal vera biskopen John Morton av Canterbury, som på 1400-talet brukte ein interessant logikk for å forklåre kvifor alle hadde råd til å betala mykje skatt: Dei som lever måteleg driv openbert med sparing og må ha pengar gøymt unna, medan dei som lever i stor stil jo openbert er rike og kan punge ut. For den stakkars skattebetalaren – eller motspelaren ved bridgebordet – er det ein situasjon av typen «pest eller kolera».
 
Vi skal i dag få døme på ein «Morton’s fork» frå Proffencupen, ei årleg førjulstevling i Trondheim, til minne om den altfor tidleg avlidne Rune «Proffen» Brattgjerd. Det er ei slags invitasjonstevling for gentlemen, som vel å merkje blir spela i Proffens ånd, med fokus på det sosiale. Likevel er det ein prestasjon å vinne, for det er mange sterke namn på startlista. I år var det Jan Emil Græsli frå Singsås som gjekk sigrande ut, framfor Geir Helgemo og Børre Lund.

I vekas spel er det nettopp Græsli som får gleda av å gjennomføre ein «Morton’s fork», riktig nok etter assistanse frå motparten.

 
E K kn 7
K 4
K D 7 4
D 10 7
 
8 5 4 3
kn 6 5 3 2
8 2
9 2
D 6
E 10 7
10 9 5 3
K kn 6 4
 
10 9 2
D 9 8
E kn 6
E 8 5 3
 
 
VestNordØstSyd
pass
pass1 rupass1 gr
pass3 grpasspass
pass


Græsli satt i sør. Vest var ein spelar av den gamle skulen, som tilsynelatande slavisk overheld den enkle regelen om «spar ut mot grand». I staden for det normale hjarterutspelet, som høgst truleg ville halde denne standardkontrakten på ni stikk, valde han altså ein spar. Utspelet vart stukke i bordet, før ein ruter gjekk til handa. Spar ti fekk segle rundt – Græsli hadde trass alt ikkje kika i korta – og aust kom inn. Han tok no sjansen på å skifte til ein kløver. Det var ikkje heilt usakleg, for sjølvsagt kunne vest hatt kløver ess, etter som Græsli denne gongen hadde absolutt maksimum for meldinga 1 grand. Men no vart kløverskiftet ei julegåve til speleførar.
 

Inne på kløver ti i bordet, fann Græsli nemleg eit drepande trekk. Han hadde ei kjensle av at aust sat med hjarter ess, og utførde ein «Morton’s fork» ved å trekkje ein liten hjarter frå bordet. Kva skulle aust gjera? Stikk han med esset, blir det to enkle hjarterstikk på Græsli. Men då han la liten, fylgde ein innspelsskvis imot han nærast av seg sjølv: Etter hjarter dame og alle stikka i dei spisse fargane, skulle aust ned på tri kort, og det måtte nesten bli hjarter ess og konge, knekt i kløver. Så vart han sett inn på hjarter ess, og måtte avslutte opp i den kombinerte kløversaksa. Elleve stikk gav naturlegvis ein formidabel score til Græsli.

Av Erlend Skjetne

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger