AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Med oddsen

Paul Thomassen frå Alta var mellom dei som kunne matematikken sin i vekas spel, som skriv seg frå divisjonshelga på Økern no i februar.

 
E kn 8 6
9 6 2
kn 10 9
kn 4 2
 
 
5 3
E
E D 7 6 4 3
E K 9 7
 
 
VestNordØstSyd
SkjetneAndersenBergThomassen
1 ru
4 hjpasspass5 kl
pass5 rupasspass
pass


Vest spelar hjarter konge ut. Korleis grip du an denne kontrakten? Med éin sikker spartapar, er du langt på veg om ruteren løyser seg utan tapar. Men skulle vest ha trumf konge, er du avhengig av å spela kløveren utan tapar. Du må uansett syrgje for å få testa ruterfinessen, og du har i fyrste rekkje berre éin inngang i bordet, nemleg spar ess.

 
Så du forsøkjer deg med ein spar. I den fargen skjer det interessante at vest legg i kongen. Det kan vera kongen singel eller frå konge, dame. Uansett har du ingenting å tene på å dukke, så du stikk. I neste stikk spelar du ruter knekt, som diverre tapar til kongen. Vest frir seg med hjarter dame, aust fylgjer farge, og du stel. Kva no?
 
Tidlegare europameister for juniorar, Paul Thomassen frå Vest-Finnmark krins, såg at det var gratis å prøve ein ny spar, i fall vest faktisk skulle ha spar dame òg. Det hadde han, for han stakk, og i neste stikk fridde han seg med nok ein høg hjarter. Aust kasta no ein liten kløver. Thomassen stal og spela ein liten ruter til tiaren. Vest var renons, og hadde altså byrja med ruter konge singel.
 
Det er no du må ta det store valet i kontrakten. Spar knekt har vorte eit stikk, som gjer at du blir kvitt kløvertassen på handa. Men du må framleis få tri kløverstikk utan å få ein tapar i sorten. Kva er beste odds, å freista toppe ut dama dobbel, eller tiaren dobbel ved å leggje ned esset og så dra knekten, eller spela på at både dama og tiaren sit i aust ved straks å dra kløver knekt?
 
Uavhengig av meldingar imot, finst det faktisk ein matematisk fasit på dette. Sjansen for å finne eitt spesifikt kort dobbelton med seks uteverande kort hjå motparten, er kringom 19 prosent. Sjansen for dobbeltfinessen er derimot, som i fleire andre tilfelle, 25 prosent. Når ein legg til at vest framleis kan ha singleton kløver, er det klårt at dobbeltfinessen er det beste alternativet.
 
Altså må du gjera som Thomassen; ta spar knekt med kløveravkast og dra kløver knekt no medan du enno er inne i bordet. Aust dekkjer med dama, du vinn med esset og spelar ein ruter til niaren, det siste inntaket i bordet. Så dreg du nok ein kløver, og legg niaren idet aust fylgjer lågt. Heile spelet:

 
E kn 8 6
9 6 2
kn 10 9
kn 4 2
 
K D 2
K D kn 8 7 4 3
K
6 5
10 9 7 4
10 5
8 5 2
D 10 8 3
 
5 3
E
E D 7 6 4 3
E K 9 7
 


Mange i vest melde nok ikkje like hardt som eg gjorde då eg sa 4 hjarter. Men ein del hjarter melde nok alle i vest, og det endrar iallfall ikkje oddsen i favør av å toppe kløveren – tvert imot. Altså er det litt merkeleg, og eit teikn på at nokre kanskje må studere både odds og teknikk, det at mange i seriemeisterskapen gjekk beit i 5 ruter.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger