AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Rett farge fyrst
I grandkontraktar er det ofte slik at du må setja opp to fargar for å koma til den mengda stikk du treng. Det kan vera lett å tenkje at det då kjem ut på det same kva farge du går laus på fyrst. Men mange gonger er det ikkje slik. Når motparten òg har ein farge dei driv og skal setja opp, kan det vera av avgjerande tyding at du får tvunge vekk inntaket frå den handa som sit med dei potensielle langfargestikka.
 
Vekas spel er på mange måtar eit kvardagsspel, som nok førekjem ganske ofte i diverse variasjonar rundt omkring i klubbar og krinsar. Men poenget er instruktivt. Spelet skriv seg frå ein krinskamp i Sør-Trøndelag. Ta plassen til Michal Solberg i sør, og tygg litt på kontrakten under.

 
K 9 4
E 8 3
10 8 7 4
D kn 9
 
 
D 10 8 6
K 6
D kn 9 6
E K 3
 
 
VestNordØstSyd
MellemseterSolberg
1 gr
pass3 grpasspass
pass


Du får det hyggelege utspelet av ei norsk ruter tri, som går til esset i aust. Men no skifter aust kontant til den veikaste fargen din, hjarter. Kva tenkjer du om spelet vidare?
 
Du har tri toppstikk i kløver og to i hjarter. Utspelet har gjort du er på god veg til òg å få to ruterstikk. Men jamvel om du får sett opp dei stikka, er du ikkje komen lenger enn til sju stikk. Altså treng du to sparstikk i tillegg. Hjarterskiftet har gjeve deg andenaud, for du må jo innom både ruter konge og spar ess, og om motparten då får to hjarterstikk, har dei beita sidan dei allereie har fått for ruter ess. Så du må satse på at ei lasjering i hjarter kan halde motparten nede på eitt hjarterstikk. Så, då er det vel berre å setja i gang? Ruteren fekk du jo ein fin start på i fyrste stikk, så er det ikkje like greitt å fortsetja der?
 
Det er her du må tenkje på dette med inntaka hjå motparten. For det fyrste må du spørja deg: Korleis sit hjarteren? Han kan sitja 4–4, i så fall er du sjanselaus. Men vest spela ikkje hjarter ut endå han har maks fire ruter, så det er svært sannsynleg at aust har minst fem hjarter. Det er altså han som er den kritiske handa i motspelet, den handa vi må halde ute. Så må du spørja deg: Kva inntak kan austhanda tenkjast ha?

Ruter ess er jo allereie borte. Kva med ruter konge? Det er overvegande sannsynleg at han er i vest, sannsynlegvis i spissen av ein firekortsfarge, ettersom vest valde ruter ut mot 3 grand. Å spela ut frå berre småkort i ruter, vil vera høgst uvanleg etter det aktuelle meldingsforlaupet, som tvert imot gjerne signaliserer at majorutspel er best.
 
Det inntaket aust eventuelt kan ha til hjarteren sin, er altså spar ess. Med andre ord vil det vera ein feil å spela ruter fyrst, fordi vest vil koma inn og spela god hjarteren medan aust enno har sitt inntak intakt. Så det må vera riktig å spela spar fyrst.
 
Om du dukkar eller stikk hjarteren i andre stikk er neppe så farleg, men la oss seia du stikk. Så er det sjølvsagt eit spørsmål korleis sparen skal handsamast, når du uheldigvis manglar knekten. Her finst det ikkje nokon fasit, men det verkar tilforlateleg å spela spar til kongen. Når vi veit at aust byrja med singel ruter, er han trass alt favoritt til å ha lengda i spar.
 
Slik spela Michal Solberg. Aust vann spar konge med esset, og heldt fram med ein hjarter til dama. Denne måtte Solberg lasjere, og så kom ein tridje hjarter til esset. No gjekk Solberg laus på ruteren. Vest kom inn på kongen, men til Solbergs store glede hadde han ingen hjarter å spela. No fylgde alle minorstikka, og Solberg sytte sjølvsagt for å vera inne i bordet på det siste. Så avslutta han med spar til finesse på tiaren, og vest fylgde lågt. Spar dame gav det niande stikket.
 

Heile spelet såg altså slik ut:

 
K 9 4
E 8 3
10 8 7 4
D kn 9
 
7 5
D 9 4
K 5 3 2
9 7 5 4
E kn 3 2
kn 10 7 5 2
E
8 6 2
 
D 10 8 6
K 6
D kn 9 6
E K 3
 


Utspelet frå vest var kanskje dårleg. Matematiske analysar har prova det mange garva klubbspelarar allereie veit, at det oftast skal major ut etter dette meldingsforlaupet. Men vest visste ikkje om han i så fall skulle velja hjarter eller spar, så han fylgde den gamle jungellova og gjekk for lengste og beste.

Ruter var unekteleg betre enn spar denne gongen, og utspelet og starten på motspelet var identisk på det andre bordet i lagkampen. Men der gjekk speleførar på ruteren i tridje stikk, og dimed var katastrofen eit faktum. Det enda med to beiter, medan Solberg altså kunne notere sirlege 600.


Av Erlend Skjetne

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger