AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Eit triks verd å hugse
Ein kan ikkje bli god i bridge berre av å lesa om bridge. Men ein stor fordel ved å ha lese ein del, er at ein kan greie å kjenne att spesielle situasjonar når dei oppstår, og så gjera det rette.
 
Vekas spel skriv seg frå Snåsa-cupen for nokre år sidan. Der dukka det opp ein variant eg ikkje hadde tenkt på før, og dimed gjorde eg då også feil. Men no kan jo du iallfall hugse denne varianten, og kanskje få glede av han ein gong i framtida.
 

Meir pedagogisk enn at eg straks slepp katta ut av sekken, er det nok at du sjølv får handa mi som ei prøve. Det er partevling. Du sit i aust. Sør er gjevar og opnar 1 hjarter, makker i vest passar, og nord seier 1 spar. Du melder ingenting sjølv, men sør seier 2 hjarter, som nord lettar til utgang. Ut frå makker kjem kløver to, og dette er utsikta:

 
E D kn 10 9 5
10 3 2
10 6
K kn
 
6 4 3
K kn 9
D 9 7
E 9 7 6
 
VestNordØstSyd
T.E. GrudeKarlbergSkjetneK.O. Thomassen
1 hj
pass1 sppass2 hj
pass4 hjpasspass
pass


Speleførar bed om knekten frå bordet, som du stikk med esset. Kva tankar gjer du deg om det vidare motspelet?

 
Dette ser unekteleg lovande ut for speleførar. Dersom han opprinneleg hadde eit val i kløver, løyste det seg nesten av seg sjølv i og med utspelet. Har han ein finesse å ta i spar, går jo den òg. Det verkar opplagt å skifte ruter, for å få med seg det som eventuelt måtte finnast av stikk der før det er for seint. Nokre andre tankar?
 
Eg hadde iallfall ikkje det, og sende snøgt i veg ein ruter. Speleførar stakk med esset, makker la svakheit med åttaren, og så gjekk det kjapt ein kløver til bordet og ein hjarter mot handa. Eg fylgde med niaren, og speleførar tok seg ein liten tenkjepause. No fyrst innsåg eg kva eg hadde gjort. For speleførar la lågt, og så kom makker på med esset. Ein ruter frå han gjekk til dama mi og esset hjå speleførar, som no drog spar konge til esset og tok to store spar med ruteravkast. Alt eg fekk for var hjarter konge, då heile spelet såg slik ut frå start:

 
E D kn 10 9 5
10 3 2
10 6
K kn
 
8 7 2
E
kn 8 5 4
D 8 5 3 2
6 4 3
K kn 9
D 9 7
E 9 7 6
 
K
D 8 7 6 5 4
E K 3 2
10 4
 


Den smarte varianten er sjølvsagt å leggje hjarter knekt når speleførar dreg ein hjarter frå bordet. Ein kan aldri tape på det. Har speleførar esset tynt sjette i hjarter, eller ess, dame sjette, kjem det ut på det same.

I det aktuelle tilfellet er det ganske opplagt for sør å leggje liten under hjarter ni. Det blir feil om aust har ess, konge, ni og vest knekten singel, men det er meir sannsynleg at vest har esset eller kongen singel og aust honnør, knekt, ni. Kjem derimot hjarter knekt på, blir det naturleg før sør å dekkje med dama. For i dei fleste tilfelle er jo kortet ærleg, altså frå knekten singel eller to honnørar blokk. Men i dette tilfellet blir det tri trumftaparar og ei beit.
 
Då hugsar du vel å leggje hjarter knekt den neste gongen denne fargekombinasjonen dukkar opp?

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger