AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Fyrsteleg gravferd
Av alle gode bridgeomgrep, er det i overskrifta ein av dei absolutte favorittane mine. Det ei fyrsteleg gravferd inneber, er som kjent at to honnørar hjå forsvaret går oppå kvarandre, og det er vel innforstått at dette er noko motspelarane sjølve kan for, og nok bør greie å unngå. Det typiske er at ein dreg ei dame frå bordet, og så dekkjer ein fyr med kongen dobbel eller tridje. Men akk, det synte seg at makkeren hans hadde esset singel!
 
Men nokre gonger er ikkje alt så svart og kvitt. Det som hende med motspelarane i vekas spel, kunne kanskje hendt også meir prominente spelarar? Tilfellet skriv seg frå den årlege påskecupen i regi av Berkåk bridgeklubb, spela i Soknedal i Sør-Trøndelag onsdag i påskeveka.

 
D 5 4
kn 7 3
K kn 8 6 2
8 3
 
E 6
E D 10 8 6 4
10 9 5
4 2
K kn 3
9 5
7 4 3
E 10 7 6 5
 
10 9 8 7 2
K 2
E D
K D kn 9
 
 
VestNordØstSyd
1 hjpass1 gr2 sp
passpasspass


Dei som bruker såkalla konstruktive veike 2, kunne opna 2 hjarter i vest. Men med vanlege metodar er handa for sterk for 2 hjarter, så 1 hjarter blir naturleg. Over 1 grand var det ikkje så appetittleg for sør å melde 2 spar, men han måtte nesten gjera det med så mange honnørpoeng. Deretter følte korkje vest eller aust at dei hadde noko å melde.
 
Vest valde ein kløver i utspel, ikkje eit dårleg val, då den alternative ruter ti gjev sør sjansen til å kaste ein hjartertapar på ruter. Aust vann med esset og skifte hjarter ni, som gjekk til liten og dama, før hjarter ess felte kongen.
 
No var jo hjarter knekt godspela, og vest tenkte som så at det kunne vera greitt å fjerne det stikket for speleførar. Så han slengde i veg endå ein hjarter. Aust tenkte ikkje lenge før ho trumfa med spar tri. Riktig nok hadde sør lagt hjarter konge under esset, men det er jo eit gratis og fullstendig opplagt falsecard om han byrja med kongen tridje, og såleis lite å bry seg om. Det verka sannsynleg for aust at vest byrja med fem hjarter, slik at spar tri ville halde stikk. Å stela med spar knekt ser jo temmeleg dumt, om sør til dømes har ess-ti i spar, og etterpå kuttar opp kongen.
 
Du ser vel sjølv kva fylgjer den låge stelinga fekk. Sør stal over med spar sju, og spela spar ti rundt til knekten. Aust spela kløver, sør stakk og spela ny trumf. Esset og kongen kom ramlande oppå kvarandre – altså ei fyrsteleg gravferd. Dimed var det som frå start var tri opplagde trumftaparar og ei enkel beit i kontrakten, forvandla til berre to trumftaparar og heimgang.
 
Eg har ingen fasit; du kan jo sjølv vurdere kven som var skuld i denne fadesen. Eller var kanskje båe motspelarar utan skuld? Var det ei ulykke av det slaget som berre skjer innimellom, og som må skje også i framtida?

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger