AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Småe marginar, store utslag
Jamvel om ein har utstyrt seg med eit svært matematisk hovud, eller for den del ein kalkulator, kan det vera vanskeleg å vita kva som er teoretisk korrekt i bridge.
 
Du kan gruble litt på fylgjande 6 kløver-kontrakt, som skriv seg frå NM Mix Lag under Bridgefestivalen i Drammen. Meldingsforlaupet treng vi ikkje gå inn på, for etter at nord opna 1 ruter, melde fienden ingenting. Slemmen er sunn nok. Men korleis spelar du han med hjarter knekt ut frå vest? Kva blir skilnaden om du i staden får ruter ni ut?

 
D kn 5
D 4
E D 6 5 3
kn 9 6
 
 
K 8 7 2
E K 6
8
E K D 3 2
 

 
I kampen mellom laga ”Liggeunderlaget” og ”Stærke scener ny mix”, vart kontrakten den same på båe bord.
 
Bodil Nyheim Øigarden for Liggeunderlaget fekk hjarter knekt ut frå Espen Larsen. Ho stakk med dama, tok ut trumfen, spela ein spar til dama som stod, ein hjarter til esset, og nok ein spar mot bordet. Det var ein fin måte å gardere seg mot spar ess dobbel i vest på. Men legg vest liten i andre sparrunde, og knekten vinn stikket, har Øigarden no ikkje anna å gjera enn å spela nok ein spar, og ho går beit om vest byrja med fire spar. Skulle aust trylle fram spar ess, får Øigarden testa om sparen sat 3–3, og gjer han ikkje det, kan ho falle attende på ruterfinessen. Då vest i praksis stakk andre sparrunde med esset, var alt over: 920 til bokføring.
 
Om dette var riktig spela, kan absolutt diskuterast. Du har også høve til å dra tri store hjarter før du tek noko særleg med trumf, og kaste ein spar i bordet. Så kan du presse ut spar ess, og stela ein spar i bordet – venteleg høgt om vest skulle fylgje på ein tridje sparrunde, for å unngå oversteling. Du garderer deg slik mot 4–2-sits i spar. Men samstundes blir du svært sårbar for skeive sitsar både i kløver og hjarter, og for så vidt i ruter òg, sidan du på ein eller annan måte må koma deg fram og attende mellom hendene.
 
Wibeke Andersen for ”Stærke scener ny mix” fekk det skumlare utspelet av ruter ni frå Christian Bakke. Ho hadde altså ein god indikasjon på at ruter konge ikkje kunne sitja i kapp, og at det dimed aldri ville kunne finnast noko avkast for ein spar på handa. Ho stakk difor med esset, tok ein trumfrunde, og drog tri hjarterrundar som skissert. Deretter spela ho ein spar til dama som stod, og spar knekt til esset i vest. Frå Bakke kom no ein ny ruter til liten, liten og steling, og då Andersen fylgde opp den fornuftige planen sin med å stela spar åtte med kløver knekt, var ho diverre beit. Kløveren sat nemleg 4–1, og no måtte Bakke få eit trumfstikk.
 
Slik såg heile spelet ut:

 
D kn 5
D 4
E D 6 5 3
kn 9 6
 
E 6 3
kn 10 9 7
9 2
10 8 5 4
10 9 4
8 5 3 2
K kn 10 7 4
7
 
K 8 7 2
E K 6
8
E K D 3 2
 
 

Honnør til Bakke for eit godt utspel, men det er ikkje sikkert det hadde så mykje å seia. Så lenge Andersen går for planen om å stela ein spar høgt, blir jo kløver ti automatisk eit stikk i vest.
 
Då gjenstår berre det store spørsmålet: Korleis er det rett å spela? Men det har eg ikkje noko svar på. Det er mykje større matematisk sjans for at ein farge der ein har sju kort sit 4–2 imot, enn for at ein farge der ein har åtte kort sit 4–1 imot. Slik sett peikar det seg ut som rett å stela ein spar. Men så er det andre faktorar, som eit mystisk utspel, sjansen for at vest har spar ess dobbel, sjansen for ein finesse på spar åtte om vest byrja med tiaren eller niaren dobbel i spar, og så bortetter. I sum blir det vanskeleg å lage ein fasit.
 
Det som er sikkert, er at Bodil Nyheim Øigarden tente 14 IMP på spelet. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
 
Navn: Liv Marit Grude Dato: 17.8.2017
E-post: lmgrude@gmail.com Hjemmeside: Ingen hjemmeside
Kommentar:
E hadd smekka rutermelding her så ho visst at all ruteren satt bak..
 
Navn: Boye Brogeland Dato: 17.8.2017
E-post: boye@bin.no Hjemmeside: Ingen hjemmeside
Kommentar:
Ikke så godt å si hva som er beste spilleplan i 6 kløver, men å stjele med kløver 9 (istedenfor kløver knekt) virker vel ikke så dumt? Da klarer man seg 50 % av gangene vest har fire spar (kanskje litt oftere hvis ruter 9 er et ærlig dobbelton-utspill, som gir vest sju "ledige plasser" til trumf mot østs seks) og alltid når sparen sitter 3-3.