AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Eit heroisk forsøk
Frå bulletinen under VM i Lyon i Frankrike, har eg saksa eit spel omtala av Barry Rigal. Det skriv seg frå USA 1 sin kamp mot Nederland i Bermuda Bowl, og det er Steve Weinstein som har hovudrolla.

 
E K 7 6
6 4 2
10 6
kn 7 6 3
 
 
10 8 3
D 8 3
E K D 7 4
K D
 
 
VestNordØstSyd
MüllerLevinde WijsWeinstein
passpass3 hj3 gr
passpasspass

 
Noko overraskande har vest ein hjarter å spela ut. Aust vinn med kongen, tek esset og held fram med ein halvhøg tridje hjarter, dette medan vest kastar to kløver. Inne på hjarter dame, har du ein plan for det vidare spelet?
 
Weinstein la ned kløver konge, som fekk halde stikket. No tok han ein liten time-out for å vurdere sitsen. Ut frå dei to kløveravkasta, meinte Weinstein det var sikkert at den durkdrivne Bauke Müller i vest måtte ha byrja med seks kløver. Aust var altså fødd med seks hjarter og singel kløver. Weinstein trudde òg at aust for sperremeldinga måtte ha litt ekstra fordeling, meir enn 3–6–3–1: Han hadde veldig tru på 2–6–4–1, altså fire ruter i aust.
 
Det vil i så fall vera fåfengt å spela ruteren frå toppen, ettersom aust då har eit hald der i lag med ein haug med hjarterstikk. Men det vil òg vera fåfengt å spela meir kløver, for vest vinn med esset og spelar kløver åtte eller ni attende, og utan ruterfargen etablert, finst det inkje grunnlag for ein skvis. Så Weinstein vende likevel blikket attende til ruteren: Kva om vest har knekten dobbel?
 
Eureka! Då kan ein syrgje for at vest og ikkje aust kjem inn i ruter, ganske enkelt ved å spela ein liten ein frå handa! Vest kan vinne og skifte spar, men inne i bordet spelar ein nok ein kløver, og har sett opp den niande vinnaren medan kommunikasjonen er intakt.
 
Som sagt, så gjort: Weinstein trudde sterkt på magekjensla si, og heldt fram med liten ruter!

 
E K 7 6
6 4 2
10 6
kn 7 6 3
 
D 9 5 2
7
kn 3
E 9 8 5 4 2
kn 4
E K kn 10 9 5
9 8 5 2
10
 
10 8 3
D 8 3
E K D 7 4
K D
 
 

Vest kom inn på knekten, og hadde inkje kritisk attendespel. Slik det sat, var Weinsteins line den einaste som førde fram. Det var svært viktig at han spela kløver før han gjennomførde ruterdukken, for viss ikkje kan vest, idet han kjem inn på ruter knekt, øydeleggje kommunikasjonen ved å skifte spar, og så spela nok ein spar inne på kløver ess.
 
Merk forresten kor godt Müller spela imot ved å dukke den fyrste kløverrunden: Stikk han, blir han fanga i ein skvis, idet han på tri høge ruter må kaste eit kort i ein svart farge. Endå ein kløver kan han ikkje kaste, for då blir det tri kløverstikk på speleførar. Kastar han derimot ein spar, kan speleførar, etter å ha avblokkert kløver dame, ganske enkelt spela tri gonger spar. Müller må då gje bordet inntak på kløver knekt, og der ligg òg ein godspela sparkvist og ventar.
 
Blir dette så eit prisspel til Weinstein? Nei. To kort er bytte om i diagrammet over, og det er ruter knekt og ruter fem. I røynda var det Simon de Wijs som hadde ruter knekt, så det var han som kom inn att i femte stikk, sikkert overraskande for han sjølv. Han kunne forsyne seg med tri hjarterstikk, og det vart to beit. Trøysta må vera at kontrakten aldri kunne vinnast slik korta faktisk sat, med det aktuelle motspelet.
 
Medan USA 1 måtte gje tapt for Bulgaria i kvartfinalen, var det som kjent New Zealand, med vår eigen Geir Olav Tislevoll, som vart banemennene til Nederland.  

Av Erlend Skjetne 

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger