AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Overtoppen
NM par vart vunne nokså klårt av Tor Eivind Grude–Lars Arthur Johansen frå høvesvis Sømna og Rognan, båe busette i Trondheim. Dei hadde nok mange flotte spel, men i det fylgjande handla det vel eigentleg mest om å sitja i draget.

 
9 8 7 5
10 9 6 5 3
3
E 4 2
 
-
D 8 7 4 2
8 5
K kn 8 6 5 3
kn 10 4 3
E K
K D 7 6 4
10 9
 
E K D 6 2
kn
E kn 10 9 2
D 7
 
 
VestNordØstSyd
JohansenGrude
1 ru1 sp
dbl3 sppass4 sp
passpassdblpass
passpass

 
Vi har vel alle føreteke endå dårlegare doblingar enn den aust gjorde her. Trøysta for hans del kan vera at det ikkje var doblinga som sette Grude på sporet av ei vinnande speleføring: Den hadde han nok funne uansett, då kontrakten er bortimot iskald. 
 
Vest byrja naturleg nok med ruter åtte, og aust hadde vel nesten gjort best i å la sør vinne fyrste stikk på knekten. Men han la i dama, som kravde esset. Grude hadde vel ein mistanke om korleis sparen sat, men då han såg at han nok kom til å greie seg uansett, var det fornuftig å prøve spar ess for å få klårleik i saka. Ved synet av sitsen, skifte Grude attende til ruteren: Knekten gjekk til kløveravkast i bordet og dama i aust. Han prøvde seg med å skifte til kløver, som gjekk til dama og esset, før spar ni fylgde. Slik utviklinga vart, burde ikkje aust ha dekt, men han gjorde naturleg nok det, og kongen vann stikket.  
 
Så fylgde ståstikka ruter ti og ni, ein kløver og ein hjarter forsvann frå bordet, før ruter to gjekk til steling. Situasjonen var no denne:

 
8
10 9 6 5
-
-
 
-
D 8 7
-
kn 8
10 4
E K
-
9
 
D 6 2
kn
-
7
 
 

Inne i bordet måtte Grude spela ein hjarter. Aust kom inn, og eigentleg var det no opplagt for han å kapitulere og spela trumf. Speleførar får tri trumfstikk, for ti stikk totalt. Men av ein eller annan grunn prøvde han seg med endå ein høg hjarter; han tenkte vel at han kanskje kunne få både for denne og for spar ti. No kunne Grude stela med spar to, spela kløver til steling i bordet, og til slutt fange tiaren og firaren i spar mellom dama og seksaren. Elleve stikk og 990.
 
Overskrifta er ei lita løgn: Det var òg tri gonger 1100 nord–sør, då nokon prøvde seg på litt vel høge ruterkontraktar i aust, og eitt par noterte 1130 i 3 spar dobla med to overstikk. Men 990 var sjølvsagt ikkje så verst det heller.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger