AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ein god regel
Det finst mange reglar, og det finst mange unnatak innan bridgen. Ein av dei beste reglane, med færrast unnatak, er nok den som seier: «Lågt i andre hand.»
 
Ofte krev det litt vågemot å leggje lågt i andre hand, men held du hovudet kaldt, vil du i lengda bli løna for det. Det vanlegaste er at speleførar kan velja feil. 
 
                                               D 10 7 5
                                                
                   K 9 3                   A/I                        kn 8                     
 
                                               E 6 4 2
 
Sør byrjar fargehandsaminga med esset og ein liten. Stikk vest opp med kongen, får sør berre éin tapar i fargen. Men legg vest lågt, må sør velja dama i staden for tiaren for å unngå to taparar. Den prøva vil han i praksis ofte bomme på.
 
Ein vanleg situasjon som litt færre er merksame på, er fylgjande:
 
                                             ru  K D 3
                                             kl  8 7 2
                                                
                   ru E 6 5                  S/A                      
 
                                             ru  2
                                             kl  E 6 4
                  
Sei at dette er ein majorkontrakt, og at vi her ser sidefargane ruter og kløver. Sør spelar ein ruter mot bordet. Jamvel om du i vest mistenkjer at toaren er ein singleton, vil det løne seg å leggje liten. Bordet får for ruter konge, og speleførar får ingen rutertapar, men han får to kløvertaparar i staden. Stikk du derimot med esset, blir sør kvitt to kløver på ruteren, og får ingen tapar der.
 
Ein analog situasjon som eg nyleg opplevde, er den fylgjande.
 
                                               K 10 7 6 3
                                                
                   E 9 8 4                 S/A                       D kn 2                 
 
                                               5
 
Det er ein trumfkontrakt, og i denne sidefargen spelar sør ein liten mot bordet. Viss vest no stikk opp, kan sør etterpå, via éi einaste steling, etablere resten av kløveren. Han får éin tapar, tri stikk i sorten.

Legg vest derimot lågt, er det for det fyrste ikkje opplagt for speleførar å be om kongen – det blir feil om aust til dømes har esset tridje. Men sei at speleførar faktisk stikk med kongen: Han treng no tri stelingar for å få etablert kløverkvisten, og meir enn to kløverstikk kan han ha aldri få. Med mindre speleførar har ei overflod av stikk i dei andre fargane, vil det altså løne seg for vest å leggje lågt i fyrste kløverrunde.
 
Her er eit spel frå ein sumarbridge i Trondheim no i år:

 
E K 8 3
5 3
K D 7 5
kn 8 4
 
2
K D kn 10 9 7
E 8 6
D 9 7
9 5 4
6 4 3
10 9 4 3
E 10 5
 
D kn 10 7 6
E 8
kn 2
K 6 3 2
 
 
VestNordØstSyd
ForfotSkjetne
pass1 sp
2 hj2 gr1)pass3 sp2)
pass4 sppasspass
pass
1) Minst invitt med firekorts spar
2) Minimum

 
Denne kontrakten er ikkje god. Når hjarter ut etablerer eit hjarterstikk for forsvaret, er ein eigentleg avhengig av å unngå to kløvertaparar for å vinne. Men ruteren gjev berre eitt avkast, så korleis skal dét vera mogleg?
 
Varianten i andre stikk fungerer forbausande ofte, om ein ikkje spelar mot veldig årvakne motstandarar: Etter hjarter ess, ruter to mot bordet! I praksis gjekk vest opp på esset, og så lett vart denne ruterfargen til tri stikk, som gav meg avkast av to kløver. Då kløver ess sat framfor kongen, var kontrakten heime.
 
Legg vest i staden lågt på fyrste ruterrunde, vil ruter knekt gå under esset, og fargen berre gje to stikk. Då blir det òg to kløvertaparar, og ei beit.
 
Moralen må vera: Det mest komfortable for speleførar er til regel at du stikk i andre hand. Tenk igjennom situasjonen som kan oppstå allereie ved fyrste syn av blindemann, og er du i tvil: Legg lågt a tempo.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger