AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Autoskvis?
I helga gjekk den etter kvart tradisjonsrike Proffen-cupen igjen av stabelen i Trondheim. Tevlinga, som blir arrangert til minne om den altfor tidlege avlidne Heimdal-spelaren Rune «Proffen» Brattgjerd, har ein utprega sosial profil, men samlar ei imponerande sterk startliste.
 
Vinnaren i år vart Steffen Fredrik Simonsen, tilreisande frå Oslo, framfor Villiam Ovesen frå Studentenes bridgeklubb og Arve Olav Nordskag frå Heimdal bridgeklubb. Det fylgjande var eit interessant spel frå den fyrste halvdelen av tevlinga.

 
E 4 3
kn 10 8 7 3
8 2
D 10 6
 
 
D kn 9
E K 9 4 2
3
E 9 3 2
 
 
VestNordØstSyd
1 hj
2 ru4 hjdblpass
4 sppass5 ru5 hj
passpasspass


Meldingsforlaupet gjekk nok på forskjellige vis rundt om i salen, så dette er berre éit døme på korleis det kunne gå. La oss sjå om vi kan koma oss igjennom denne sveitte kontrakten med livet intakt.
 
Vest byrjar med ruter ess, fylgt av ruter dame. Aust fylgjer med femmaren under esset, men stikk dama med kongen. Du stel og legg ned hjarter ess. Vest er renons og kastar ein ruter. Kva tankar gjer du deg om spelets vidare gang?
 
Du er nøydd til å få gjort noko med kløveren, men samstundes er det klårt kontrakten er daud om ikkje spar konge sit i kapp. Det er også slik at spar konges plassering kan hjelpe deg til å forstå korleis kløverhonnørane er fordelte. Altså er det like greitt å spela spar dame i tridje stikk. Ho får halde stikket, altså byrja nok vest med kongen.
 
Aust må då ha kløver konge, om han skal ha noko som overhovudet liknar på ei dobling av 4 hjarter. Du er framleis inne på feil hand, men no er det kurant å spela kløver til tiaren. Vinn aust med kongen, er det jo veldig greitt; aktuelt tek han stikket med knekten, men det skremmer deg ikkje det heller. At aust no ikkje spelar spar, kan tyde på at han har spar ti, og er redd for å rulle opp fargen. At vest ikkje dekte spar dame, tyda forresten på det same. Det aust gjer, er å fri seg med ein trumf, som får laupe til bordet. Ein ny trumf til kongen tek meg seg dama.
 
Situasjonen, der aust garderer båe dei svarte fargane og du enno har to trumf å trekkje frå bordet, bør få deg til å tenkje i retning skvis. Du spelar ganske enkelt den siste hjarteren din til bordet, aust kastar ein ruter, og tek så bordets siste hjarter. Sluttposisjonen kjem heilt av seg sjølv, og såg aktuelt slik ut:

 
E 4
kn
-
D 6
 
K 7 5
-
kn
7
10 8
-
-
K 8 4
 
kn 9
-
-
E 9 3
 


Kva skal aust gjera på hjarter knekt? Kastar han ein kløver, står heile kløveren etter finessen. Kastar han i staden ein spar, blir framhaldet det same, kløver dame til kongen og esset og så kløver ni, som avdekkjer det forventa, at den sorten ikkje brakk. Då står éin sjanse att, nettopp at aust hadde spar ti. Knekten tek med seg kongen, esset og tiaren, og niaren er høg og blir kontraktstikket.
 
Heile spelet såg slik ut:

 
E 4 3
kn 10 8 7 3
8 2
D 10 6
 
K 7 5 2
-
E D kn 10 9 7 4
7 5
10 8 6
D 6 5
K 6 5
K kn 8 4
 
D kn 9
E K 9 4 2
3
E 9 3 2
 


Den gode stemninga til trass, var det heldigvis mange som greidde denne vesle speleprøva under Proffencupen på laurdag.  

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger