AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Avslørt
Det blir opna tynt og meldt hardt i moderne bridge. Men ein årvaken motstandarar vil fort kunne utnytte informasjonen alle desse meldingane gjev han.
 
I vekas spel, som skriv seg frå Proffen-cupen i Trondheim før jul, var det Øyvind Saur som var på høgda i speleføringa.

 
5 3
E kn 9 6 4
8 6 4 2
E kn
 
 
E K 8 7
D 8 3
K D 9
K 6 5
 
 
VestNordØstSyd
SkagestadSaur
1 kl1 hjpass3 gr
passpasspass


Ei typisk partevlingsmelding frå Saur, og ein typisk partevlingskontrakt. Vest byrja med spar dame til seksaren i aust og esset. Saur spela straks ein hjarter til knekten. Aust vann med kongen og heldt fram med spar fem, til liten og niaren, før spar knekt gjekk opp att til kongen.
 
Dette verkar jo enkelt nok. Så lenge hjarteren no gjev fire stikk, er ein i mål, for ein har tid til å godspela eit ruterstikk då vest ikkje har meir enn eitt godspela sparstikk å hente inne på ruter ess. Det gjev to sparstikk, eitt hjarterstikk og eitt ruterstikk til forsvaret, men ni stikk og heimgang til speleførar. Så då er det venteleg berre å leggje ned hjarter dame?
 
Saur tenkte lenger. Han vart med rette forbausa då hjarter knekt tapte til kongen, for burde ikkje vest ha hatt det kortet for opninga? Nord–sør har til saman 27 honnørpoeng, noko som etterlèt berre 13 til forsvaret. Altså har vest opna på maksimalt 10 honnørpoeng. Kvifor?
 
Han måtte ha litt fordeling, meinte Saur. Med fire spar og då sannsynlegvis minst fem kløver, var det stor sjanse for at han kunne ha kortfarge i hjarter. Kanskje kan det vera 4–2–1–6, men då får ein vone at dobbeltonen berre er to småkort. Saur hadde tru på 4–1–3–5. Han spela difor kløver til knekten – ein i utgangspunktet overflødig kutt, som var naudsynt for kommunikasjonen sin del, og som forresten var nesten garantert å gå – og deretter ein hjarter til åttaren!
 
Det vart blink då sitsen var som fylgjer:

 
5 3
E kn 9 6 4
8 6 4 2
E kn
 
D kn 10 9
2
E kn 7
D 10 8 4 2
6 5 2
K 10 7 5
10 5 3
9 7 3
 
E K 8 7
D 8 3
K D 9
K 6 5
 


Saur kunne halde fram med hjarter dame og kløver til esset, og så få teke ytterlegare to hjarterstikk. Dimed var han heime.
 
Det var ikkje mange som noterte 600 inn på dette spelet. Ville du ha opna på vesthanda? 

Av Erlend Skjetne 

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger