AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Vern om inntaka
Tidlegare brukte vi denne spalta til å skryte av regelen som seier «lågt i andre hand». Men i denne vekas spel skal vi sjå eit unnatak.
 
Nordic Friendship League, eller NFL, heiter ei tevling på BridgeBase Online, der lag frå Norden og omegn konkurrerer fyrst i eit grunnspel, deretter eit sluttspel. Underteikna representerer Tromsø, ein by der eg riktig nok berre har budd i eit halvår, på lag med ymse nordbuarar.
 
Primus motor for laget, som tradisjonelt har gjort det skarpt i tevlinga, er Trond Bårdsen. Men i vekas spel, som skriv frå ein kamp mot eit finsk lag, var det Peter Marstrander som var i form.

 
E 10 5 3
D kn 7
E K 5
10 9 7
 
-
K 10 9 6 5
9 8 3 2
K 6 5 3
D kn 7 6 4 2
8 3
10 6 4
E 8
 
K 9 8
E 4 2
D kn 7
D kn 4 2
 
 
VestNordØstSyd
1 kl
pass1 sppass1 gr
pass3 grpasspass
pass


Meldingsforlaupet var det same på båe bord, og på båe bord kom ein hjarter i utspel, i ein storleik som kunne indikere at han var frå ein femkortsfarge. Hjarter dame tok fyrste stikk, og så fylgde kløver ti frå bordet. Men så var det forskjell på finnen og Peter Marstrander.
 
Aust på mitt bord fylgde den gamle regelen og la lågt i andre hand. Viss vest no vinn med kongen, er handa hans daud. Han gjorde sitt beste ved å lasjere. Held eg no fram i kløver, vinn aust med esset og spelar ny hjarter, og eg må deretter lesa sitsen riktig: Eg kan ikkje halde fram i kløver, men må satse på sparen, og spela den sorten rett. Men då kløver ti heldt stikket – litt suspekt – verka det meir lovande å gå over til sparen straks.
 
Eg spela ein liten spar mot handa, med plan om å leggje niaren om aust fylgde lågt, ettersom det då vil vera den «trygge» vesthanda som kjem inn. Då aust splitta sparen, var alt over, eg kunne ganske enkelt gje bort eit sparstikk og forlange mine ni, med tri sparstikk, to hjarterstikk, tri ruterstikk og eit kløverstikk.
 
Det er ei kjent sak at ein må tenkje på kommunikasjonen i speleføringa, men av og til er det viktig i motspelet òg, spesielt når det gjeld moglege langfargestikk. Idet ein hjarter kjem ut mot denne kontrakten, veit aust at det er i den fargen forsvarets største potensiale ligg. Det inneber at det er vest, med langfargen i hjarter, som må få spare dei eventuelle sideinntaka sine inntil hjarteren er godspela. 
 
Når kløver ti kjem i andre stikk, bør aust gjera som Peter Marstrander, stikke med esset. Det er sannsynlegvis riktig òg om det er kløver dame i staden for kongen vest har. No var det så enkelt at kontrakten står om aust legg liten, og er beit om han stikk med esset. Marstranders hjarterretur etablerte fargen for forsvaret, medan vest hadde eit sikkert inntak i kløver. 10 IMP til Tromsø.

Av Erlend Skjetne  
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger