AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Hald på beita
Det er berre å bøye seg i støvet for Sunndalsøras prestasjon i lagfinalen på Mo i Rana. Eg synst det var veldig gledeleg at dette laget vann, og stiller meg i rekkja av gratulantar. Dei såg ut til å spela svært stødig, så det er ingen tvil om at sigeren var fortent.
 
I vekas spel, som skriv seg frå kampen deira mot bronselaget TopBridge, skal det seiast at dei òg hadde hellet på si side. Men slik blir det gjerne når ein fyrst spelar godt, då kjem allting liksom rullande av seg sjølv..

 
kn 9 7 5 4 3
5
kn 9 5
D 7 6
 
E 8
D kn 9 7 6
4 3 2
K 10 5
K D 10 2
4 3 2
10 8 7 6
9 3
 
6
E K 10 8
E K D
E kn 8 4 2
 
 
VestNordØstSyd
KvangravenMikkelsenTundalFurunes
pass1 kl
1 hjdbl2 hj3 gr
passpasspass


Praktiske meldingar til ein heilt kurant kontrakt, som diverre er beit i teorien, sidan motparten kan få med seg fire sparstikk i tillegg til kløver konge.
 
Men her hadde Tundal–Kvangraven eit av fåe dårlege resultat i denne lagfinalen. Kvangraven byrja med hjarter dame, som gjekk til firaren frå makker og esset, før Furunes spela kløver ess og kløver. Kvangraven stakk med kongen, og valde eit passivt motspel då han fridde seg med kløver. Dimed hadde Furunes ni stikk, 600.
 
Eg må ta høgd for at det kan ha vore noko feil med Tundals motspelssignal, som ikkje har vorte fanga opp på BBO. Men elles var det kanskje mogleg å visualisere ein sits à la denne? Aust hoppa ikkje til 3 hjarter som sperr, så han har nok berre tri hjarter, slik at sør har fire. At sør har singel spar, er då svært mogleg, og om sør har til dømes ess, dame, ti i ruter, hastar det òg med dei eventuelle sparstikka.
 
Kunne det bli ein utgangssving til TopBridge, som på dette tidspunktet låg under 36–0 i kampen? La oss sjå kva som hende på det andre bordet:
 
                   Vest                     Nord                    Aust                     Sør
                   Johansen            Ovrid                    Aaseng                Berset 
                                                                                                       1 kl
                   1 hj                      pass                    2 hj                       2 gr
                   pass                    3 gr                      pass                     3 gr
                   pass                    pass                    dbl                        pass
                   pass                    pass
 
Meldingsforlaupet til 3 grand var noko meir suspekt her, og eg har sansen for doblinga frå Lasse Aaseng. I slike spel kan det vera heilt kritisk at makker finn utspelet, og det ser ut som det må vera riktig at makker spelar spar heller enn hjarter ut.
 
Tom Johansen forstod sikkert kva doblinga tydde, men ettersom han kontrollerte kløveren og sjølv hadde spar ess, tenkte han kanskje at det ikkje hasta med sparen. Han spela difor ut hjarter dame, til esset, før det her òg gjekk kløver ess og kløver. No tok han seg framleis god tid, han la lågt. Etter dama fylgde ein tridje kløver, og no tenkte Aaseng at han måtte gjera spelet endå tydelegare for makker, så han kasta styrke i spar!
 
Dette var ein type styrkekast som på det sterkaste må frårådast, for spar to var sjølve beitestikket. No hadde ikkje forsvaret meir enn tri sparstikk å ta i tillegg til kløverkongen, og kontrakten kunne ikkje gå beit.
 
Aaseng skulle nok stolt på at makkeren hans var med på notane. I den grad han overhovudet trong å gje signal om at spar var tingen, ville det nok vore like verknadsfullt å kaste ein høg ruter.
 
No vart det 750 og ytterlegare 4 IMP til Sunndalsøra, på vegen mot ein suveren NM-siger.

Av Erlend Skjetne 

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger