AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Tung dag i open klasse, god start i damer og veteran
Då er alle dei tri klassene i gang med sitt EM i Ostende.
 
Det vart ein god fyrste dag for damene, med 16,88 VP mot Italia i fyrste kamp, deretter oversit, og så 17,85 VP i dagens siste kamp mot Danmark. Berre Polens damer fekk fleire VP med seg frå fyrste speledag.
 
Men det er meir å glede seg over: Veteranane ligg faktisk heilt på toppen i si klasse! Dei tapte marginalt mot Skottland i fyrste kamp, men henta deretter full pott, 20 VP, mot Finland, og så 16,42 VP mot Danmark.
 
Held det fram slik, skal det bli hyggeleg å vera norsk tilskodar dei neste dagane. Men vi vil sjølvsagt òg ha med oss det kjære laget vårt i open klasse, som i dag segla litt i motvind. 
 
Noreg gjekk til sengs i går med leiing i denne klassa, og i dag stod høvesvis Russland, Wales og Monaco på programmet. Sterke motstandarar i fyrste og tridje kamp, meir mediokre i andre kamp.
 
Mot Russland såg det lenge bra ut, men eit par spel mot slutten førde til eit lite tap. Russland meldte hardt til 6 spar på 4–3-tilpasning, for så vidt ingen dårleg kontrakt, og slik det sat var det endåtil spel for storeslem. Brogeland–Lindqvist stogga i utgang, så det vart 13 IMP i russisk favør, og ytterlegare 7 IMP gjekk til Russland då Kvangraven var uheldig med speleføringa i ein 2 hjarter på spelet etter. Dimed fekk Noreg 9,09 VP med seg frå denne kampen, greitt nok.  
 
Mot Wales vart det heldigvis litt motsett utvikling. Noreg låg kraftig under med seks spel att. Mellom anna hadde Brogeland–Lindqvist gått beit i ein fin slem dei melde, som vi skal sjå på under. Wales dunka òg inn eit par knallharde soneutgangar, som Livgård–Aa sakleg nok heldt seg unna, sjølv om den siste av dei for så vidt var god nok til å burde meldast. Heldigvis kom Noreg sterkt attende, då dei sanka 42 IMP på dei seks siste spela! Dimed vart det ein liten siger, 12,55 VP til Noreg.
 
Så var det duka for det prestisjetunge oppgjeret mot Monaco, som det var knytt stor spenning til. Men her byrja det dårleg for dei norske gutane, og det vart berre verre. Helness spela godt og vann 3 grand på det fyrste spelet, der Brogeland–Lindqvist kom i ein forsvarleg 4 hjarter på 5–2-tilpasning,  som diverre var daud slik det satt. Så hadde Tundal–Kvangraven eit uhell mot Helness’ veike grandopning, og kom i ein daud 3 grand sin veg, dobla med to beit. Like etterpå brende dei ein soneutgang som definitivt bør meldast, noko som heldigvis òg vart gjort på det andre bordet. Men så gjekk dei glipp av ein slem som Multon–Zimmermann melde, og så melde Brogeland–Lindqvist i eit pressa meldingsforlaup ein slem med to verksame ess vekk.

Då røyken hadde lagt seg, var det ikkje att meir enn 1,56 VP til Noreg, som no har falle ned til 5. plass. Men det er ikkje lange vegen opp til Israel i teten, som er tett fylgt av Italia, Island og Nederland. Vi kan jo vinkle det litt annleis, og seia at det er gledeleg at Helgemo–Helness no endeleg byrjar melde seg litt på i denne meisterskapen; Monaco, no på 15. plass, er alt anna enn hekta av.
 
For òg å avslutte i det optimistiske hjørnet – noko det er all grunn til, sidan tevlinga i open klasse enno er under halvspela – tek vi med Brogeland–Lindqvists gode slem frå kampen mot Wales, som dei var åleine om å melde i open klasse. Ja, i heile EM var det faktisk berre eitt par til som melde slemmen, nokre finnar i dameklassa.

 
10 3
D Kn 8 7 5 2
6 5 4
K 2
 
D Kn 8 6 4
10 9
10 9
8 7 6 3
K 9
E K 6 4 3
8 2
Kn 9 5 4
 
E 7 5 2
-
E K D Kn 7 3
E D 10
 
 
VestNordØstSyd
PlackettLindqvistPownallBrogeland
2 kl
pass2 hjpass3 ru
pass4 kl 1)pass4 ru
pass5 rupass6 ru
passpasspass
1) Kontrollmelding


Etter mi meining eit glimrande meldingsforlaup. Idet Lindqvist slår av i 5 ruter, høyrest det ut for Brogeland som at 4 kløver synte kongen og ikkje singelton. Med minst åtte raude kort hjå Lindqvist, er det òg sannsynleg at kløveren vil kunne nyttast til å kaste spartaparar, slik det aktuelt var.
 
Spar dame kom ut. Med sparen 4–3 og kløveren ikkje verre enn 5–3, er kontrakten is og brus: Tri gonger kløver gjev avkast for ein spar i bordet, så fylgjer spar til steling, så til dømes hjarter til steling, og ein ny spar til steling. No er det berre å ta ut trumfen, og gje bort eit sparstikk til slutt. Men denne gongen kunne aust stela over i den tridje sparrunden. Då han ikkje hadde meir enn éin trumf høgare enn bordet, måtte han vera påpasseleg med å skifte trumf, men det var jo eit ganske opplagt motspel.
 
Ei beit, og Brogeland–Lindqvist vart einaste par i open klasse med utscore på spelet. Hadde sparen sete som han skulle, ville dei vore like åleine om å notere 920!

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger