AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ein umogleg ein
For ein som skriv om bridge, er programmet Deep Finesse eit fint verktøy. Det gjev alltid fasiten: Kor mange stikk som i teorien står, kva speleføring og motspel som må til for at resultatet skal bli sånn og sånn. Det kan spare ein for mykje analytisk detaljarbeid å få dei harde fakta servert såleis, men ein må sjølvsagt hugse at programmet er rein matematikk og såleis fullstendig nådelaust: Praktisk bridge er noko anna.
 
Eg skal difor ikkje kritisere nokre av dei involverte for fylgjande kasus frå NM Monrad Lag, berre konstatere korleis realitetane var. Det interessante spelet førekom i den spennande kampen mellom vinnarlaget Hauge og det sterke laget Noe rusk. 

 
10 8 7 4 3 2
D 7
D
E kn 7 5
 
D kn 9 5
8 3 2
E K 10 6 4
K
E
kn 10 9 6
kn 9 8 7 5
8 6 3
 
K 6
E K 5 4
3 2
D 10 9 4 2
 


                   Vest                     Nord                    Aust                      Sør
                   Thoresen             Hauge                 Lie                        Sælensminde                   
                                                                                                          1 kl
                   1 ru                      2 hj1)                    4 ru                       pass
                   pass                     5 kl                       pass                     pass
                   pass
 
1) Minst seks spar
 
                   Vest                     Nord                    Aust                      Sør
                   Lindqvist              S. I. Høyland       Brogeland           Ovesen
                                                                                                          1 kl
                   1 ru                        1 hj1)                    dbl                      pass
                   pass                      1 sp                      2 ru                     pass
                   pass                      3 kl                       3 ru                      4 kl
                   pass                      pass                     4 ru                     pass
                   pass                      5 kl                        dbl                      pass        
                   pass                      pass
 
1) Minst fire spar

På dette viset vart kontrakten den same på båe borda, men altså dobla på det eine. Trur du 5 kløver står, eller ikkje?
 
Både Siv Thoresen og Espen Lindqvist spela ruter ess ut, og både Terje Lie og Boye Brogeland fylgde med knekten. Men i andre stikk skildest vegane åt, og det var heile skilnaden: Thoresen lystra makkers signal og spela spar, noko som med rå makt beitar kontrakten, medan Lindqvist spela hjarter, som gjev speleførar ein teoretisk sjanse til å vinne.
 
Etter sparskiftet til esset, skifte Lie hjarter. Erik Sælensminde stakk med esset på handa for å spela kløver dame, til kongen og esset. Så drog han ein ny kløver til handa. Sit den sorten 2–2, har han no kommunikasjon til å stela god sparen, jamvel om han skulle sitja 4–1. Men no måtte han ta ein tridje trumfrunde, og prøvde så spar konge. Med sparen 3–2 hadde dette gått bra òg, men aktuelt mangla det eit inntak i bordet til å få god sparen. Det vart ein hjartertapar til slutt.
 
Det kan kanskje sjå ut til at kontrakten kan vinnast ved å stela ein hjarter og ein ruter hjå blindemann. Men problemet er kommunikasjonen: Ein må spela desse to raude korta frå handa, og i tillegg koma seg heim for å trekkje trumfen. Men ein kan ikkje bruke spar konge som overgang før ein har teke tri trumfrundar, og dimed går ikkje kabalen opp.
 
Jo-Arne Ovesen stakk Lindqvists hjarterskift på handa, og drog kløver dame til kongen og esset. Då var han beit att, han òg. Han prøvde seg med spar, men situasjonen vart i praksis den same umoglege som på det andre bordet. Ettersom Ovesen var dobla, gav spelet 3 IMP til lag Hauge.
 
La oss sjå kva Deep Finesse vil ha Ovesen til å gjera, etter hjarter i skift til esset. Ruter må no gå til steling, og så fylgjer hjarter dame. Det neste trekket er det avgjerande: Kløver ess! Kongen ramlar pynteleg, og så går ein kløver til handa. Viss ein uansett har kika i korta, som ein må ha gjort for å spela såleis, kan ein no ta for hjarter ess, før ein spelar hjarter til steling. Bordet har no berre spar att, så det må ein naudsynlegvis spela. Vest stikk med esset, men har berre trumf og ruter att, og får jo ikkje inn makker, så det blir inga sparsteling. Elleve stikk!
 
Ovesen bør definitivt ikkje liggje nattevaken og tenkje på dette spelet. Men når det er sagt, kjenner eg nokre gamle kallar oppe i avdalen eg kjem ifrå, som kunne ha funne på å vinne denne «umoglege» utgangen. Dei sver nemleg til ein gamal teori, og om du så heiter Zia Mahmood eller Albert Einstein, kjem du aldri til å få overtydd dei om at han ikkje stemmer: Kløver konge sit alltid singel.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger