AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Eit langt lerret å bleke
Det er eit gamalt bridgemunnhell som seier at «det er umogleg å halde rett mot ein sjukortsfarge». Dette er nok ei sanning med modifikasjonar, men det er liten tvil om at mange stikk har forsvunne opp gjennom historia på grunn av feilslåtte avkast mot lange fargar. Nikortsfargar er heldigvis sjeldsynte, men la oss sjå kor ille det då kan gå. 

 
K 9 6 4 2
4
9 7 6 3
D 7 6
 
E 10 8 5 3
kn 9
K kn 10
E K 10
D 7
10
E D 5 2
kn 9 8 5 3 2
 
kn
E K D 8 7 6 5 3 2
8 4
4
 
 
VestNordØstSyd
SkjetneHornslien
pass2 kl
2 sppasspass4 hj
passpass4 sp5 hj
dblpasspasspass


Dette er frå ei norsk tevling på internett nyleg, og verdsveven har nok sett betre meldingar. Dei lærde er usamde om kor vidt sørs hand er veleigna for ei sterk kravopning. At Aksel Hornslien måtte fylgje opp med 4 og 5 hjarter, var heilt naturleg. Frå min ståstad såg det ikkje bra ut, men det skal seiast at 4 spar fort kan fyke heim. I teorien må det to gonger hjarter ut for å beite den kontrakten, og dette er ikkje opplagt med singleton i bordet, når sør har ein eigen singleton han godt kan finne på å skifte til.
 
5 hjarter er to beiter rett ned om forsvaret tek toppstikka sine, men slik gjekk det ikkje. Vest byrja med kløver ess, i seg sjølv ein dårleg idé, då det på høge steg er tilrådeleg å bruke kongeutspel for å be makker leggje fordeling. I andre stikk visste ikkje vest korleis han skulle halde fram, men både kløver konge og spar ess måtte jo vera nokså trygge kort å spela. I staden valde han det han nok trudde skulle vera ein passiv trumf, men han burde nok sett føre seg kva som kunne koma til å hende.
 
For no fylgde naturlegvis ein heil kvervelvind av hjarter, og dette vart brutalt for eit par med litt manglande motspelssignal. Kløveren visste vest lite om, då aust ikkje var så hjelpsam at han kasta alle dei fem han hadde att. I ruter la aust riktig nok styrke, men innebar det at vest kunne gå ned på singel konge? Det einaste vest kjende seg sikker på, var at aust, som kom med ei forsinka støtte til 4 spar, måtte ha byrja med tri av den sorten. Undervegs kasta aust spar sju, litt mystisk, men det kunne vel kanskje vera fordeling frå dame, knekt tridje?
 
Innan no skjønar du sikkert korleis dette gjekk: Vest lempa spar ess. Då aust altså òg hadde skilt seg åt med ein spar, kunne Hornslien mot slutten spela spar knekt til kongen, og så ta for spar ni med avkast av ein tapande ruter. Kven veit: Hadde han halde endå ein spar i bordet i staden for kløver dame, kunne det kanskje endåtil ha vorte eit overstikk! Men elleve stikk var sjølvsagt nok til å få ein iskald topp på spelet.
 
Eg skal ikkje påstå, med utgangspunkt i dette eine tilfellet, at det er direkte umogleg å halde rett mot ein nikortsfarge. Men det er vanskeleg, svært vanskeleg, og det kan openbert gå gale, svært gale. Så om du mistenkjer at motparten har utstyrt seg med ein så formidabel sort: Sjå til å vinne meldingsforlaupet, så du unngår å måtte spela motspel!

Av Erlend Skjetne
  
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger