AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Heilt perfekt
Det vart ein flott triumf for lag Zimmermann i ope VM lag i Orlando, og det er gledeleg å sjå at Geir Helgemo–Tor Helness er attende på vinnarsporet. Dei hadde god hjelp av polakkane Piotr Gawryś–Michal Kłukowski. Men i vekas spel skal vi sjå at også Pierre Zimmermann–Franck Multon, sponsoren med makker, kan spela svært god bridge.

 
D 10
D 10 9
kn 7 6 5
kn 9 6 3
 
8 4 3
E kn 8 6 4
K 8 4
8 5
9 7 6 5 2
7
E D 3
K D 10 7
 
E K kn
K 5 3 2
10 9 2
E 4 2
 
 
VestNordØstSyd
MultonHurdZimmermannWooldridge
passpass1 sp1 gr
dblpass1)passrdbl2)
passpasspass
1) Bed om redobling
2) Obligatorisk


Dette er frå semifinalen mot det sterke unge amerikanske laget Spector, ein kamp der lag Zimmermann måtte arbeide mykje hardare for sigeren enn i finalen mot italienske Lavazza. Her stod det plutseleg ein masse IMP på spel i ein liten 1 grand, då ei blodtyrst straffedobling fekk fart på meldingsforlaupet.

Joel Wooldridge byrja bra då han vann sparutspelet på handa, og spela ein liten hjarter til tiaren som stod. I mangel på gode alternativ, trekte han seg heim att på handa i spar, for å spela ein ny liten hjarter.

Legg Multon lågt no, er kontrakten allereie heime, då speleførar etter å ha vunne stikket med niaren, får etablert eit tridje hjarterstikk ved å halde fram med dama. Multon gjorde altså svært rett i å stikke med esset. Zimmermann gjorde òg det han måtte no, ved å kaste ein låg spar. I tillegg til å åtvare makker mot å spela ny spar, som òg gjev speleførar enkel heimgang i kontrakten, hadde Zimmermann brukt småsparane til å indikere kløververdiar.

Slik såg situasjonen no ut:

 
-
D
kn 7 6 5
kn 9 6 3
 
4
kn 8 6
K 8 4
8 5
9 7
-
E D 3
K D 10 7
 
kn
K 5
10 9 2
E 4 2
 


Multon greidde å skifte kløver åtte, eit effektivt åtak på det eine sikre inntaket til sørs tridje hjarterstikk. Wooldridge var vel å merkje på høgda, og bad om niaren frå bordet, som kosta tiaren frå Zimmermann, og tvang han til å halde fram det briljante motspelet. Då kløver ti fekk halde stikket, kunne han nemleg ikkje spela meir kløver, og sjølvsagt ikkje spar. Han måtte skifte ruter! Men den prøva greidde han. Triaren gjekk til kongen hjå Multon, som i sin tur sjølvsagt greidde den siste motspelsprøva, då han skifte attende til kløver.

Dimed måtte Wooldridge strekkje våpen, då forsvaret hadde ordna seg med to gonger tri minorstikk pluss hjarter ess. Det gav 400 aust–vest, 7 IMP inn, då kontrakten på det andre bordet var ein fredeleg 2 spar aust–vest med åtte stikk. Då lag Zimmermann vann semifinalen med sifra 121–117, seier det seg sjølv at ein motspelsglipp i den redobla kontrakten fort kunne ha vorte lagnadstung. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger