AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Unngå prøva
Speleførar hamna borti eit klassisk dilemma i vekas spel, som skriv seg frå 4. runde i NM klubblag. Men det fanst ei speleføring som kunne ha avverja problemet. 

 
D 7 6
E 7 3
E 8 5 4
10 7 5
 
 
E K 8 4 3 2
K 9 2
kn
K 6 4
 
 
VestNordØstSyd
GundersenL. M. Grude
passpasspass1 sp
pass2 kl1)pass4 sp
passpasspass
1) Tri-korts sparstøtte og oppunder opning


Liv Marit Grude fekk ruter konge ut til esset. Med éin tilsynelatande sikker hjartertapar, ser alt ut til å handle om å unngå tri kløvertaparar. Sit kløver ess bak kongen, kan det godt hende at einaste utveg ligg i eit innspel, noko som vel å merkje fordrar trumfen 2–2.
 
Som ei førebuing til dette, byrja Grude pent med å stela ein ruter. I tridje stikk fylgde spar ess, så spar til dama. Då båe motstandarar fylgde båe gonger, gjekk ein ny ruter til steling – i dette stikket kasta aust ein hjarter. Så gjekk ein hjarter til esset og den siste ruteren til steling, med nok eit hjarteravkast i aust. Endeleg kunne Grude spela hjarter konge og hjarter.
 
Aktuelt kom aust inn idet vest var renons, og skifte kløver dame. Kva gjer du med den? Det er openbert no at vest byrja med fordelinga 2–2–6–3, men den kunnskapen hjelper ikkje på valet i kløver. Grude baserte seg på at dama – som tilfellet oftast vil vera mot spelarar under ekspertnivå – òg indikerte knekten. Ho la difor lågt, og vann kontrakten ved å leggje lågt òg i neste kløverrunde, då heile spelet såg slik ut:  

 
D 7 6
E 7 3
E 8 5 4
10 7 5
 
10 5
kn 10
K D 10 9 7 3
E 8 3
kn 9
D 8 6 5 4
6 2
D kn 9 2
 
E K 8 4 3 2
K 9 2
kn
K 6 4
 

 
Her bør det vel å merkje vera rutine for ein sterk austspelar å skifte dama eller knekten uansett kva han elles har i fargen. Liten kløver vil aldri gje speleførar eit tapande alternativ, difor er låghonnøren rett òg frå ess, dame eller ess, knekt, og frå alle kombinasjonar med dama eller knekten åleine på topp.
 
Det var tilforlateleg å spela slik Grude gjorde. Men ser du korleis ho aktuelt kunne ha ført korta, for å unngå å måtte gisse i kløver? På det andre bordet gjekk meldingsforlaupet annleis, på eit vis som gjorde at vegen til ti stikk eigentleg var teikna opp.
 
                   Vest                     Nord                    Aust                     Sør
                   Skjetne                                             Christoffersen     
                   1 ru                      pass                      1 hj                       1 sp
                   2 ru1)                   2 sp                      pass                      pass
                   pass
 
1) Ikkje trikorts hjarter, då ein i så fall ville ha dobla
 
I 2 spar stod ikkje mykje på spel, men speleførar hadde dei beste føresetnader for å få til ein stilig variant. Etter ei innleiing som skissert over, med to ruterstelingar og uttak av trumfen, skal ho ikkje gå for eit innspel i hjarter. I staden skal ho cashe hjarter konge og hjarter ess, og på den siste ruteren frå bordet kasta hjartertaparen sin. Det er då garantert at vest kjem inn med berre ruter og kløver att, og ti stikk er sikra.  
 
I 4 spar, som utvilsamt bør meldast, kunne dette vorte ei speleføring verdig ein plass i riksavisene. No vart det berre eit «vekas spel» på BIN.no.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger