AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Harrdt og brutalt
Vekas spel kan seiast å vera av det humoristiske slaget. Ikkje di mindre kosta det eitt lag avansementet til sjette runde i NM klubblag, og sende eit anna eit vidare.   
 
Du skal få ei utspelsprøve:

7 6
E K D 6 4 3
6 5 4
6 3


På sundag spela Sortland BK heimekamp mot Studentenes BK. Sola skein og fantastiske Vesterålen synte seg frå si aller fagraste side – det same kan ikkje seiast om bridgen. «Studenten» i vest skal få lov til å vera anonym, altså kan det like gjerne ha vore meg sjølv.
 
Sei at du held handa over, og i fyrste hand vel å opna 2 hjarter, veike to. Nokre vil seia at seks sannsynlege stikk er for mykje, men den diskusjonen kan vi ta ein annan gong. Nord doblar, aust passar, og sør hoppar til 3 spar. Du seier pass, og nord hoppar no til 5 hjarter, såkalla Exclusion Blackwood. Den meldinga er normalt tufta på ein renons, då ho spør etter ess med hjarteren unnateke. Sør skal altså ikkje melde av hjarter ess om han har det. Han svarar 5 grand, eitt eller fire ess utanom hjarter, og nord legg spelet i 6 spar. Det går pass rundt. Kva spelar du ut?
                  
Ein lite rutinert spelar hadde vel neppe tenkt seg lenge om før han lyfte på hjarter ess. Men vest i denne rundekampen «visste» jo at hjarterutspelet kom til å bli stole. Kan det vera case for å finne makker i ein minor i staden, om speleførar til dømes må innom ein konge i tillegg til eit ess? Slik tenkte eksperten i vest, og sørva kløver seks.
 
Skal tru kva kjensler som gjekk gjennom hovudet hans, då Stig Arne Iversen augneblinkar seinare hadde kravd eit overstikk i soneslemmen, som i sin heilskap såg slik ut:

 
E K D kn 10 3
7 5
E K 10 7 3
-
 
7 6
E K D 6 4 3
6 5 4
6 3
2
kn 9 2
kn 9 8 2
K D 9 7 3
 
9 8 5 4
10 8
D
E kn 10 8 4 2
 
 
VestNordØstSyd
HarrIversen
2 hjdblpass3 sp
pass5 hj1)pass5 gr2)
pass6 sppasspass
pass
1) Exclusion Blackwood
2) Eitt eller fire ess


Tidlegare juniorlandslagsspelar Gunnar Harr fann tida inne for ein klassisk finte med 5 hjarter på to småe. Av og til dukkar eit slikt høve opp, og eg forstår godt at det blir freistande å prøve seg. I ein del tilfelle er alt is og brus fordi sør har hjarterkontroll trass alt, andre gonger vil det vera nesten umogleg for vest å spela hjarter ut, om han til dømes har ess, dame. Kanskje burde vest vore meir skeptisk her, og gjort det bestemor ville ha gjort? Ein føler seg iallfall ikkje like dum om det blir feil å prøve hjarter ess. Men så defensivt kan ein ekspert kanskje ikkje tenkje? 
 
Vi skal overlata til andre å døme. Det som er sikkert, er at spelet gav Sortland 13 IMP på blokka. Éi beit ville gjeve like mange den andre vegen, og skilnaden på laga var til slutt 19 IMP. Men sånn er livet, og Studentenes BK hadde saktens nok av andre høve til å hente inn det tapte, i den 38 spel lange kampen. Lykke til i sjette runde, Sortland!
 
PS: Gunnar Harr har meldt storeslem mot underteikna tidlegare, då òg ved bruk av Exclusion! Det kan du lesa om her.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
 
Navn: Per B Dato: 11.3.2019
E-post: per@oslodrift.no Hjemmeside: Ingen hjemmeside
Kommentar:
Det er vakkert, det er bridge poesi på sitt aller aller beste. Harr viser her hvor avansert bridge er, logikk og sannsynlighetsberegning er bare endel av spillet.