AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
There can be miracles
Når dei teoretiske sjansane er småe eller ikkje-eksisterande, må ein stundom la psykologien koma til hjelp. Per Haltbrekken frå Lundamo bridgeklubb fann ei pen speleføring i fylgjande hardmelde utgang frå Berkåk bridgeklubbs påskecup. 

 
D
K 8 7 5 2
E K 9
K D kn 7
 
 
10 9 8 6 5 3 2
6 3
6
E 6 4
 
 
VestNordØstSyd
J. AunanP. Haltbrekken
1 hjpass1 sp
pass3 klpass3 sp
pass4 sppasspass
pass


Det var nok litt uklårt både kor langt 3 kløver var krav og om 3 spar var krav, og resultatet vart ein utgang som ser mildt sagt stygg ut. Sjansen for å unngå tri spartaparar er mikroskopisk, og motparten må vel nesten få for hjarter ess. Det ser heldig ut å ikkje ha fått hjarterutspel, for om aust har esset, er kontrakten eigentleg to beit. Så då er det vel berre å ta båe ruterhonnørane med éin gong, for å redusere faren for to beit?

Vel, spelar du slik, er det iallfall lett for motparten å ta hjarter ess når dei kjem inn i spar. Per Haltbrekken nyttiggjorde seg det verdifulle faktum at motparten ikkje kjenner alle korta, og prøvde seg i staden med spar dame, for å sjå kva som skjedde.
 
Då aust vann med esset, var han plutseleg i den ekle situasjonen at han måtte cashe hjarter ess for å ha sjanse til å beite kontrakten. Heile spelet såg nemleg slik ut:

 
D
K 8 7 5 2
E K 9
K D kn 7
 
K 7
D kn 4
D kn 10 7 2
10 8 3
E kn 4
E 10 9
8 5 4 3
9 5 2
 
10 9 8 6 5 3 2
6 3
6
E 6 4
 


Aust hadde nok gjort betre i å leggje liten spar på dama. At vest hadde funne hjarterskiftet er ikkje sikkert, men då er kontrakten uansett beit. Då aust stakk med spar ess, trudde han ikkje det hasta å ta for hjarter ess. Sør hadde jo trass alt late ruter konge liggje hjå blindemann …?
 
Men då han spela ny ruter, kasta Haltbrekken ein hjarter. Så fylgde straks tri rundar kløver, og forsvaret kunne ikkje gjera anna enn å fylgje farge. Kva skulle dei så gjera med den fjerde kløveren? Uansett kva aust gjer, kastar sør hjarteren sin. Trumfar han lågt, fell forsvaret sine trumfhonnørar etterpå oppå kvarandre. Trumfar han høgt, blir spar konge forsvarets tridje og siste stikk. Aktuelt kasta aust eit kort, og vest måtte stela med spar konge. Etterpå kunne Haltbrekken presse ut spar knekt, og resten var is og brus.
 
Suboptimalt motspel, men det forringar ikkje ei aktuell speleføring! 

Av Erlend Skjetne 

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger