AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Med god grunn
Min gamle ven Espen Erichsen brukte å gje eit godt råd til klientane sine: Viss du ikkje veit kvifor du dukkar, ikkje dukk.
 
Kan du finne ein god grunn til å dukke i vekas spel, eller blir du nøydd til å fylgje regelen og stikke? 

 
E K D
D kn 7 3
K kn 5 4 3
10
 
8 7
K 10 9 4
E 10 6
8 4 3 2
 
VestNordØstSyd
1 sp
pass2 rupass2 gr
pass3 sp1)pass4 sp2)
passpasspass
1) Krav, sleminvitt
2) Veik hand, inga sleminteresse


Det er partevling. Etter sleminvitten i nord valde du å byrja motspelet forsiktig, med ein trumf. Prøva kjem allereie i neste stikk, då speleførar dreg ein ruter frå bordet til toaren i aust og dama. Kva gjer du med denne?

Du må berre bu deg på at det blir ein god del stikk her. Speleførar har ikkje meir enn 3 honnørpoeng til saman i dei spisse fargane, så at han har hjarter ess er nærast garantert, og han er nok òg brukbart forspent i kløver.

Heilt vesentleg er det sjølvsagt at vi kan stole på makkers fordelingskast i ruter: Bruker vi norsk fordeling, der ein legg den lægste frå trikorts og femkorts, har aust trikorts ruter, sør dobbel. Det inneber at ruteren òg sit pent for speleførar, og vi kan telja han opp med fem sparstikk, fire ruterstikk, hjarter ess og veldig fort kløver ess. I så fall har han òg tilgang på nokre kløverstelingar, og vi byrjar vel nærme oss ein brent slem? 

Men vent no litt: Viss speleførar skal stela kløver i bordet, har han ikkje lenger inntak til ruteren i trumf. Viss vi då kan øydeleggje kommunikasjonen i ruterfargen òg, har vi sperra av speleførars veg til alle stikka!

Ved bordet stakk vest ruter dame. Men det vart feil, for heile spelet såg slik ut:

 
E K D
D kn 7 3
K kn 5 4 3
10
 
8 7
K 10 9 4
E 10 6
8 4 3 2
6 4 2
8 2
9 8 2
K D 7 6 5
 
kn 10 9 5 3
E 6 5
D 7
E kn 9
 


Vest fann ikkje på noko betre enn å spela ny trumf inne på ruter ess. Speleførar heldt fram med kløver, dekt, til esset og ein kløver til steling. Så fylgde hjarter til esset – ingen finesse – og spar knekt, som plukka den siste trumfen av motparten. No prøvde speleførar ruteren, og kasta den siste kløveren sin på den siste ruterhonnøren. Hadde fargen synt seg å sitja 4–2, ville speleførar ganske enkelt gjeve bort eit hjarterstikk, og fått elleve. Men då ruteren brakk, kunne speleførar òg parkere to småe hjarter, og tolv stikk var i boks.


Her var det altså all grunn til å dukke ruteren. Speleførar har ikkje noko betre å gjera enn å halde fram med ruter, og no kan vest spela kva som helst anna enn hjarter, som jo er uaktuelt. Speleførar har uansett ikkje høve til både å få stole ein kløver og få nyttiggjort seg all ruteren, som han er avhengig av for å koma til tolv stikk. 450 nord–sør ville ha gjeve forsvaret ein fin partevlingspluss på spelet, då mange gav speleførar tolv enkle stikk ved å sørve hjarter. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
 
Navn: Boye Brogeland Dato: 4.6.2019
E-post: boye@bin.no Hjemmeside: Ingen hjemmeside
Kommentar:
Ja, det stemmer: Stikker man, kan man hente seg inn igjen ved å returnere en ruter.
 
Navn: Ingvar Erga Dato: 3.6.2019
E-post: ingvar.erga@gmail.com Hjemmeside: erlend@bin.no
Kommentar:
Vest kan bare stikka ru D, men då må han spela ru opp igjen.