AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ingen heime
Kortblindheit er ei alvorleg mental liding, som plutseleg og knallhardt kan ramme jamvel dei som reknar seg for å ha ei solid bridgehelse. 

 
D 9 5 2
6
K 9 8 3
K 8 7 5
 
 
E 10 8 6
D kn 2
E 7
E 9 6 2
 
 
VestNordØstSyd
S.I. SætherB.E. AltheJ. SætherE. Skjetne
pass1 gr
pass2 klpass2 sp
pass4 sppasspass
pass


Vest byrjar med hjarter ess, aust fylgjer med tiaren. I neste stikk kjem ruter knekt i skift. Korleis held du fram?
 
Du har fått ein veldig komfortabel start. Vest er så å seia markert med hjarter konge etter utspelet. Når du har spela hjarter frå handa for å presse ut kongen mot trumf, treng du ikkje å stela fleire kort nokon stad. Greier du å løyse trumfen og kløveren for éin tapar kvar, er du i hamn.
 
Sparen har du til og med råd til å spela på den måten som gjev beste sjanse for å unngå feilval: Du kan stikke ruter knekt med kongen i bordet, og straks dra spar dame. Aktuelt kjem kongen villig på i aust, du stikk med esset, og held fram med ein liten spar.
 
Vest vinn dette stikket med knekten, og held fram med liten ruter til dama og esset. No tek du kanskje av motparten den siste trumfen deira med spar ti; i dette stikket er vest renons. Deretter hjarter dame, dekt av kongen, til den siste trumfen i bordet. Så står det vel berre att å setja opp kløveren?
 
Sit han 3–2, er alt grønt. 4–1 taklar du godt om dama, knekten eller tiaren sit singel, men då må du leggje ned den rette kløverhonnøren fyrst.
 
Vest hadde berre dobbel spar, og han skifte heller ikkje kløver i andre stikk. Då har han vel neppe singel kløver? Slik tenkte eg, og drog ein kløver til esset. Men då vart det ei forsmedeleg beit, då heile spelet såg slik ut:  

 
D 9 5 2
6
K 9 8 3
K 8 7 5
 
kn 7
E K 7 5 3
kn 10 6 4 2
D
K 4 3
10 9 8 4
D 5
kn 10 4 3
 
E 10 8 6
D kn 2
E 7
E 9 6 2
 


Dette var vel litt uheldig, eller kva? Vest heldt kjeft over 1 grand med 5–5-handa si, og ville heller ikkje prøve kløver i skift i andre stikk. Det siste hadde han for så vidt god grunn til ikkje å gjera, då makkeren så tydeleg lavinthalerte til ruter med den lause dama si.
 
Eg var i ettertid veldig oppteken av å forsvara det feilslåtte kløvervalet mitt, og for så vidt vil eg framleis hevde at det langt frå var opplagt kva veg kløveren skulle spelast. Vest kunne jo godt hatt ein kortare ruter.
 
Ikkje før eg såg igjennom kveldens stensilar på sengekanten heime, oppdaga eg at eg oversåg ein bombesikker veg til heimgang. For kva var det eigentleg som skjedde i ruter? Vest brukte knekten i stikk to, og aust brukte dama i neste ruterrunde. Då eg i sluttpossen spela hjarter dame til kongen og steling, låg enno ni, åtte i ruter att i bordet. No kunne eg ganske enkelt ha spela ein av desse, og kasta kløver frå handa! Vest får for ruter ti, men ein andre kløver pilar på den siste ruteren, med inntak i bordet på kløver ess.
 
For å sitere Tromsøs Trond Bårdsen i ei tevling nordpå, då makkeren hans la eit stålegg i same storleiksorden som i denne vekas spel: «Ambulanse! Ring etter ambulanse! Tevlingsleiar, makkeren min treng omgåande ein ambulanse!» 

Av Erlend Skjetne
 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger