AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Naudløysing
Det førre vekas spel frå vår hand handla om det å vera kortblind. I denne vekas spel fekk sør det vanskeleg på grunn av eit godt utspel, men leid nok i tillegg under eit snev av kortblindheit.
 
Dette førekom på ein sumarbridge i Trondheim. Du kan jo få utspelsprøva fyrst; ta plass i vest.

7 6
K kn 10 8 6 4
9 2
8 7 4
 
VestNordØstSyd
2 hjdbl3 hj5 sp
passpasspass


Kva kort plukkar du fram mot 5 spar? Det kan vera rett å gisse på ein minor, men du anar ikkje kva for ein. Makker hadde òg høve til å melde 3 i ein minor som ei utspelsdirigering, men gjorde det ikkje. Det er heller ikkje noko som talar spesielt for trumf ut, tvert imot kan det verke som at motparten manglar nokre nøkkelkort ein stad når dei buklandar på 5-steget, og då er det nok best med eit aktivt utspel.

Di eiga side har meldt og støtta hjarter, eit eventuelt hjarterstikk eller to kan fort forsvinne, så du kan like gjerne byrja i hjarter. Men med kva for ein? Det normale er knekten, andre gonger kan ein kanskje prøve ein liten for å indikere ein eller annan skift. Men med den anemiske handa di, kan det vera mykje meir verd at du sjølv får vera inne i ein augneblink. Beita kan kanskje liggje i eit gjennomspel av blindemann, viss makker til dømes har hjarter ess i tillegg til ess, dame i ein minor. Så kvifor ikkje sørve hjarter konge?
 
Aktuelt vart hjarter konge rett av ein annan grunn:   

 
10 5 4 3
E 5 2
E K 6 4 3
6
 
7 6
K kn 10 8 6 4
9 5 2
8 7
E K kn
9 7 3
D kn 8 7
10 4 2
 
D 9 8 2
D
10
E K D kn 9 5 3
 


Då den opplysande doblinga var på den poengveike sida, og sør naturleg nok fekk visse slemambisjonar, enda dette ukomfortabelt høgt. Utspelet kravde esset, deretter spar. Aust vann med esset og spela ny hjarter, som sør trumfa. Han prøvde seg så med ein ruter til esset og ein ny spar opp. Men aust stakk igjen, og med ny hjarter kunne han presse sør til å stela med spar dame! Dimed vart spar knekt eit stikk for forsvaret, for éi deilig beit.
 
Får sør hjarter knekt ut, er det iallfall eit alternativ å sleppe hjarteren til handa, sidan trumfen byd på slik ei andenaud. Men sant å seia er det ikkje naudsynt slik det sit: Du ser vel korleis sør kunne vunne kontrakten sin også utan å få for hjarter dame?
 
Etter at aust vann fyrste spar med esset og spela hjarter til steling i sør, skulle sør ganske enkelt ha teke ess og konge i kløver og kasta den vesle hjarteren i bordet. Viss aust då spelar hjarter attende i neste sparrunde, er det til dobbeltrenons, og bordet kan stela. Sør har deretter inntak til kløverleksa på spar dame. Det er heller ingen andre attendespel som trugar kontrakten, slik korta sit. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
 
Navn: Boye Brogeland Dato: 23.8.2019
E-post: boye@bin.no Hjemmeside: bin.no
Kommentar:
"Konge eller knekt" av DDE: https://www.youtube.com/watch?v=EK96Es-kfiM