AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Utan fasit
Som redaktør i BIN-spalta Nøtteknask er eg budd på kjeft frå publikum kvar gong eg gjev ei oppgåve som ikkje har ein klinkande klår fasit. I det verkelege livet er fåe spel heilt eintydige, og det mest interessante er ofte å diskutere dei spela der mykje kan bli rett, mykje kan bli feil.
 
Her er eit slikt kasus frå krinsserien i Trondheim nyleg, der fleire gode spelarar enda med å gå beit, i ein kontrakt som Deep Finesse seier står med overstikk.  

 
E 9 8 5
E 8 5 3
-
E K kn 9 4
 
 
kn 10 7 3
D 7 2
K D 9 2
8 6
 
 
VestNordØstSyd
1 klpass1 sp
pass4 rupass4 sp
passpasspass


Vest byrjar med hjarter ti, som går til liten i bordet og kongen. Frå aust kjem hjarter fire attende. Vi kan røpe såpass at viss du stikk med hjarter dame, fylgjer vest med niaren. Korleis planlegg du spelet?
 
Du står ovanfor valmoglegheiter i alle fargar, og eit slags val mellom to hovudliner i speleføringa: 1) Du kan satse på å ta ut trumfen og vone at kløveren ordnar seg sånn høveleg greitt. 2) Du kan gå for noko som liknar meir på ei kryssteling.
 
Ei hjartersteling hjå motparten trugar begge planane. Den sistnemnde planen er truga òg av oversteling i kløver og dertil høyrande trumftilbakespel. Eit anna problem er at du ikkje veit kvar ruter ess er. Kan det vera aktuelt å prøve å presse ut ruter ess mot trumf?
 
Ein svært god speleførar byrja med spar til niaren, som tapte til kongen. Aust spela no ein hjarter attende til låg steling i vest. Derifrå kom ein kløver til bordet. Speleførar bestemte seg for å satse på at sparen opprinneleg var jamt fordelt, så han stakk med kløver ess for å leggje ned spar ess. Då vart det beit, då heile spelet såg slik ut:   

 
E 9 8 5
E 8 5 3
-
E K kn 9 4
 
D 6 4 2
10 9
E kn 6
D 10 7 3
K
K kn 6 4
10 8 7 5 4 3
5 2
 
kn 10 7 3
D 7 2
K D 9 2
8 6
 


Ein annan, mindre fetert speleførar fann aktuelt ei vinnande line, då han i andre stikk spela spar til esset. Han tenkte sikkert å dundre i veg endå ein sparrunde, og satse på sparen 3–2 og litt teft i kløver. Då spar konge kom ramlande, vart framhaldet òg spar, til knekten som stod.
 
Slik korta sat, var det no vanskeleg å rote seg bort på vegen vidare. Sør spela aktuelt ein kløver til knekten, som i høgste grad kan diskuterast, men det går òg bra med kløver frå toppen og kløver til steling, no når vest har utstyrt seg med ruter ess: Ein må ganske enkelt halde fram med ruter konge, og la han gå om vest dukkar.  
 
Hadde du kome til 620 på desse korta? I det trønderske feltet gjekk over helvta av speleførarane beit, så det var openbert inga enkel prøve. 

Av Erlend Skjetne