AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ny sjanse
Julas vakraste eventyr vart i år igjen den grasiøse og tradisjonstunge Proffen-cupen i ærverdige Frimurerlogen i historiske Trondheim, som blir spela til minne om den altfor tidleg avlidne Rune «Proffen» Brattgjerd.
 
56 gentlemen – ein god del tilreisande – deltok i den stilfulle tevlinga. Vinnar vart Kay Strand frå Heimdal BK, framfor Jøran Aunan frå Lundamo BK og John Våge frå Studentenes BK.
 
Den soignerte atmosfæren til trass, kan det gjerne bli nokre feilskjær utpå kvelden. Dette er heilt naturleg, og ikkje noko som nokon reagerer nemneverdig på. Dessutan er det forbløffande kor ofte ein får ein andre sjanse ved bridgebordet, eit høve til å rette på ein feil.
 
Vekas spel er eit døme på akkurat dette, frå den aller siste runden i Proffen-cupen:  

 
10 6 3 2
K 10 9 8 2
D 8 7 2
-
 
D kn 8 7
kn 7 5
E 10 3
10 6 2
 
VestNordØstSyd
NordskagS. DigreSkjetneKippe
1 kl
pass1 hjpass1 sp
pass2 sppass4 kl
pass4 sppasspass
pass


Idet makker spelar ut ruter seks og speleførar bed om låg frå bordet, har du eit problem. Meldingane fortel ganske mykje om sørs hand: Det høyrest veldig ut som at han har ti svarte kort, og utspelet liknar på den nest minste frå fire. Men om vi for enkelheits skuld går ut frå at sør har singel hjarter og dobbel ruter, er det likevel ikkje klårt kva vi bør gjera. Har han berre småkort i raudt skal det nok bli beit uansett, men det er ikkje usannsynleg at han har ein honnør.
 
Har han ruter konge, kan det vera rett å leggje ruter ti, men det er fare for at alle bordets ruter plutseleg kan pile på kløver, og det er uansett ikkje sikkert at speleførar har særleg bruk for det om vi forærar han eit stikk på ruter dame. Sidan det er svært lite gunstig om sør får stikk på ein dobbel ruter knekt, bør vi nok stikke med esset. Men kva skal vi spela attende?
 
Har speleførar ruter konge, bør vi skifte hjarter før ein singel hjarter forsvinn på ruter dame. Men har sør hjarter ess, bør vi spela ruter før ei ruterfille forsvinn på hjarter konge.
 
Fordi eg ikkje greidde å bestemme meg, skifte eg heller til ein trumf. Sør vil aldri ha råd til å sleppe denne, men eg var ikkje like nøgd med det som skjedde etter at Håkon Kippe stakk med spar ess: Han tok ruter konge, spela kløver til steling og tok ruter dame med avkast av ein liten hjarter. Slangar og ormeyngel!
 
I neste stikk spar til kongen, som Arve Olav Nordskag kasta hjarter på. Kippe heldt fram med kløver ess og kløver konge, og så ein fjerde kløver til dama hjå vest, steling i bordet og ... Heldigvis var eg midt i ein skål og ein slurk, som gav meg to sekundar til å tenkje igjennom situasjonen. Sør har synt fram så mange kort at heile spelet kan teiknast opp:   

 
10 6 3 2
K 10 9 8 2
D 8 7 2
-
 
9
E D 6 4
kn 9 6 4
D kn 5 3
D kn 8 7
kn 7 5
E 10 3
10 6 2
 
E K 5 4
3
K 5
E K 9 8 7 4
 


Situasjonen er no altså fylgjande, før sør spelar fjerde kløver til steling:

 
10
K 10 9
7
-
 
-
E D 6
kn
D
D kn
kn 7 5
-
-
 
5 4
-
-
9 8 7
 

 
Stel eg over, får eg ikkje meir enn for den andre sparhonnøren. Men kastar eg eit kort, er Kippe inne i bordet. Han må spela eit raudt kort til steling, og kan prøve å ta for ein ståande kløver. Men no kan eg stela, plukke av han den siste trumfen på handa, og fleire stikk blir det ikkje på han. Éi beit og fin pluss på spelet, etter ein mildt sagt bekymringsfull start!
 
Kontrakten er sjølvsagt kistebeit med hjarter i andre stikk, men meir enn éi beit blir det ikkje då heller. Spelar ein derimot ruter attende, står 4 spar som eit spett. Sør ivaretek då eit vesentleg inntak på handa, og har kommunikasjon til å stela god og hente kløveren, samt få med seg ruter dame for hjarteravkast. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger