AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Godt skjult
Snodige skvisar og andre sære variantar er populært stoff når det blir skrive frå store og viktige tevlingar. Men spesielle spel kan sjølvsagt like gjerne dukke opp på klubbkveldar ute i bygde-Noreg. Her er eit døme frå Melhus bridgeklubb i Sør-Trøndelag krins, rapportert inn av Svein Ingar Sæther. Han og Asgeir Langen fekk ein botn, Jørund Folde–Ove Grøtheim ein topp.    

 
10 7 4
K 8 7 4
K 6
D 10 5 4
 
K kn 8 6
D 10 6 2
10 9 8 7 2
-
5 3 2
kn 9 5
5 3
K 8 7 6 2
 
E D 9
E 3
E D kn 4
E kn 9 3
 
 
VestNordØstSyd
passpasspass2 kl
pass2 ru1)pass2 gr2)
pass3 kl3)pass3 gr4)
passpasspass
1) Avslag eller avventende
2) 22-23
3) Puppet-Stayman
4) Ingen fire- eller femkorts major


Kva synst du om meldingane? Slik ville det nok ha gått på dei fleste bord rundt om i landet. Med 8 HP har nord litt for lite til å vera ivrig på grandslem, så pass verkar sakleg på 3 grand. Idet sør syner at han ikkje har mange majorkort, er det riktig nok ikkje usannsynleg at han kan ha firekorts kløver. 6 kløver er ein glitrande kontrakt, men korleis melde han?
 
Vel, aktuelt var det kanskje like greitt å stogge lågt, for kløveren og sparen sit så fælt at 6 kløver nok blir ei vanskeleg øving. Derimot står 6 grand – i teorien.
 
Jørund Folde fekk ruter ti ut til kongen, og drog kløver dame. Etter fire kløverstikk og fire ruterstikk hadde Svein Ingar Sæther i vest sett seg att med tre spar og to hjarter. No las Folde sitsen perfekt, då han spela hjarter ess, hjarter til kongen og spar til niaren. Sæther var innspela, og måtte avslutte med spar opp i slufsa. Tolv stikk gav rein topp til Grøtheim–Folde.
 
I praksis kan det nok fungere for vest å gå ned på konge, knekt blokk i spar og halde ein ekstra ruter eller hjarter. Sør må då sniffe godt, men den evna fekk han jo prova at han har. Kva om vest held både konge, knekt tredje i spar og ruterlengda si? Har han ikkje då overtaket?
 
Vel, i praksis har han kanskje det, men i teorien kan altså sør vinne tolv stikk då òg, på ein litt uvanleg måte. Vi spolar attende til tidspunktet då det er att seks kort, altså før speleførar tek den siste ruterhonnøren sin:   

 
10 7 4
K 8 7
-
-
 
K kn 8
D
10 9
-
5 3 2
kn 9 5
-
-
 
E D 9
E 3
kn
-
 

 
Sør kan ikkje no ta ruter knekt. Han kan heller ikkje spela hjarter ess og hjarter, for på den andre vil vest kaste ruter, og innspelet mot han fungerer ikkje, fordi feil hand er inne med fire kort att.
 
Nei, sør må spela liten hjarter til kongen. Så, på hjarter attende til esset, blir vest skvisa: Kastar han spar, kan speleførar godspela eit sparstikk medan ruterhaldet er intakt; kastar han i staden ruter, kan han spelast inn med spar dame eller ein liten spar. Finurleg, ikkje sant? 

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger