AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ein grov liten feil
Sør oversåg ein tilleggssjanse i vekas spel, som skriv seg frå ein lagkamp nyleg. Straffa vart nådelaus.    

 
K D 10
E K kn 8 7
E D kn 2
2
 
 
E 7 6 4
5 3
8 7 6 3
E 7 4
 


Nord–sør hadde tette avtaler, som det vil føre for langt å gå inn i. Men dei greidde å melde 6 ruter i sør, ein glimrande kontrakt. Hadde du og makkeren din funne den?
 
Kløver konge kom ut. Motparten hadde ikkje meldt noko som helst. Aust la knekten, sør vann med esset og spela straks ein ruter til kutt, noko som verkar svært naturleg. Aust vann med kongen, og kontra med kløver ti til steling i bordet. Korleis held du fram?
 
At ruteren sit 3–2 er du no heilt avhengig av, så det kjem berre an på korleis du ordnar hjarteren. Finessen der er jo ikkje veldig hyggeleg å ta, det verkar meir freistande å stela god sorten. Men motparten har jo eit par halvhøge trumf, så du har litt lyst til å plukke bort dei fyrst, ikkje sant?
 
Vår antihelt i sør tok både dame og knekt i ruter; dimed var trumfen ute. Så spela han hjarter ess, hjarter konge og hjarter til steling, i von om at fargen skulle ordne seg. Men då vart det beit.   

 
K D 10
E K kn 8 7
E D kn 2
2
 
kn 9 3
6 2
5 4
K D 8 6 5 3
8 5 2
D 10 9 4
K 10 9
kn 10 9
 
E 7 6 4
5 3
8 7 6 3
E 7 4
 

 
Det hjelpte ikkje at sparen sat beint; sør hadde ikkje trumf til å få stole god hjarteren, og dimed vart han hengjande med ein kløvertapar.
 
Ser du sørs kardinalsynd? Den overordna planen hans ser ut til å fordre at hjarter dame fell under esset, eller at fargen sit 3–3 . Men det finst ein tilleggssjanse, nemleg at ein spelar med to småe hjarter òg har dobbelton ruter.
 
Etter kløverreturen til steling skal den eine av bordets ruterhonnørar hentast, men ikkje den andre. Så fylgjer ess, konge i hjarter, og – viss ikkje dama har synt seg – hjarter til steling. Kan ein motspelar stela høgare enn handa, kom ein ikkje til å vinne slemmen likevel. Men denne gongen blir løna stor, då ein spar kan spelast til kongen, ein ny hjarter til steling og ein spar til dama, før ruter knekt dreg ut den siste trumfen, og hjarterkvisten står.
 
På det andre bordet var kontrakten stusslege 3 grand, som så vidt vart vunne, fordi vests kløver kunne haldast ute av spelet. Kortføringa i 6 ruter svinga altså ikkje så reint lite.
 
Riktig nok skal det seiast at aust kunne ha gjort speleførars oppgåve mykje verre, ved å dukke ruter dame. Det er utvilsamt riktig motspel, for om sør byrja med fem ruter, finst det nok inga beit likevel. Det er no høgst tilforlateleg for sør å spela spar til esset og prøve ein ny ruterkutt. Går han, verkar jo alt svært grønt. Men aust vil no vinne med kongen, og forsegle kontraktens lagnad idet han spelar den siste trumfen sin opp att. 

Av Erlend Skjetne
 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger