AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Eit meldingsforlaup du ikkje har sett før
Det er fascinerande kor mange merkelege meldingsforlaup som kan dukke opp ved bridgebordet. Førre helg vann Kristoffer Hegge–Håkon Kippe den tradisjonsrike Bynescupen på Byneset i Trondheim kommune, som gledeleg nok har kome attende etter ein del års opphald. Dette spelet tok den store sjokoladekaka: 

 
E 5
8 5
4
E K D kn 5 4 3 2
 
K kn 6
D kn 7
K D 7 6 3
10 9
9 8 7 3 2
K 10 9 3
10 9 8 5
-
 
D 10 4
E 6 4 2
E kn 2
8 7 6
 
 
VestNordØstSyd
KippeHegge
pass
1 ru3 ru1)4 ru4 gr
5 ru5 gr6 ru6 gr
passpasspass
1) Spørsmål om ruterstoppar, typisk basert på ein gåande farge og eit sidehald

 
Hegge passa altså i opning og høyrde opning til venstre, men dei neste meldingane hans var 4 og 6 grand! Han innrømmer at den siste av dei var temmeleg hard. Men då Kippe kjempa med 5 grand, synte han at han måtte ha noko ekstra, til dømes ein åttande kløver. Hegge vona difor at ressursane hans skulle vera gode nok, og han skulle få rett!
 
I utgangspunktet er det berre elleve stikk, men med ruter konge ut, brukte ikkje Hegge lang tid på å sjå den vinnande varianten: Vest er nesten markert med spar konge, for motparten rår ikkje over så mange honnørpoeng, og aust har nok eit eller anna i hjarter, då vest fort ville ha spela hjarter ut om han hadde hatt konge, dame, knekt der.
 
Utspelet må sjølvsagt stikkast, kløverstikka innkasserast, og så vil vest etter kvart koma under press: Han kan ikkje unngå ein innspelsskvis, der han anten må blanke spar konge og sjå denne felt under esset, eller kaste seg ned til singel ruter dame for å halde dobbel spar, og så bli sluttspela i ruter etter at sør har drege hjarter til esset.
 
Aktuelt kasta motspelarane litt rufsete, så det enda med at Hegge kunne innkassere heile tretten stikk. Dette var vel å merkje berre nesttoppen: Juniorane Joakim Sæther–Carl-Otto Curran vart dobla i 6 grand, og vann han.          
 
Merk forresten at korkje 6 kløver eller 6 grand står i nord. Sparutspel gjennom dame, ti øydelegg moglegheita for innspelsskvis.

Av Erlend Skjetne
 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger