AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Rett veg rundt
Den tredje Alt Invitational-tevlinga på BBO i samband med den pågåande koronakrisa, vart vunnen av lag Gupta, med indisk sponsor og nederlandske og franske spelarar. I vekas spel, nok ein gong stole frå Roland Walds Facebook-side, er det vinnarlagets Cédric Lorenzini som spelar heilt på merket.   

 
9 5 4
E D 10 7
K kn 9 7 6
5
 
 
E kn 2
K 9 5
E 8
D 10 8 6 2
 
 
VestNordØstSyd
ZatorskiBessisPachtmannLorenzini
passpass1 kl
pass1 rupass1 gr
pass3 grpasspass
pass

 
Tøffe tak i nord, men slik er det i den moderne elitebridgen – ein jaktar på soneutgangane.
 
Vest byrjar med kløver fire, som går til knekten og dama di. Alle fylgjer på ruter ess, men idet du spelar ruter åtte opp, kastar vest ein hjarter. Din plan?
 
Dei andre speleførarane i semifinalen la no knekten. Men då aust skifte spar konge frå konge, dame, og vest ikkje uventa hadde utstyrt seg med ess, konge, ni i kløver, hadde motparten etablert fire svarte stikk i tillegg til ruterstikket.

 
9 5 4
E D 10 7
K kn 9 7 6
5
 
10 8 6 3
8 3 2
2
E K 9 7 4
K D 7
kn 6 4
D 10 5 4 3
kn 3
 
E kn 2
K 9 5
E 8
D 10 8 6 2
 

 
Lorenzinis line er eigentleg inkje hokuspokus, men det er noko med å gjera det rette når det krevst. Han såg den store faren ved å gje bort eit tidleg ruterstikk, og oppdaga dessutan at det her fanst andre sjansar å hegne om. Han stakk med kongen, og spela hjarter ess og hjarter til kongen. Etter avkastet i vest i tredje stikk, kunne han no telja fire hjarterstikk.
 
Så kløver ti. Om aust hadde kome på med niaren eller jamvel sjuaren, ville det ha vore til hjelp. Men det gjekk i gleda likevel.
 
Vest vann med kongen, og casha kløver ni. Han kunne ikkje godt ta kløver ess òg, så han spela spar åtte til dama og esset.
 
No kunne Lorenzini ganske enkelt ta hjarterstikka, for så å spela spar opp mot handa – knekten vart det niande stikket.
 
Lorenzini kommenterer sjølv at om kløver ni eller sju fell under tiaren, må vest straks fri seg med spar, venteleg til honnør i aust, og esset. No har speleførar eit val mellom å spela spar opp mot knekten, eller å freista sluttspela vest i kløver for å få oppspel frå ein eventuell sparhonnør hjå han.
 
Men lykkelegvis vart ikkje dette aktuelt, og Lorenzini kunne snart avansere til finalen i tevlinga – og seinare hauste sigeren.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger