AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Daud dronning?
Trond Stafne, ein ringrev frå Gauldalen, fekk narra speleførar opp i stry i vekas spel. Det skriv seg frå ein sumarbridge i Soknedal den lykkelege bridgesumaren 2019.   

 
E K kn 4
10 3
kn 8 6 5
K D 5
 
D 8
7 6 5
K D
E 10 8 7 6 3
9 5 3
E 9 2
10 9 4 3 2
4 2
 
10 7 6 2
K D kn 8 4
E 7
kn 9
 
 
VestNordØstSyd
StafneBarikmo
1 hj
2 kldbl1)pass2 sp
pass4 sppasspass
pass
1) Negativ

 
Når du ser alle korta, ser du korleis ei plausibel speleføring kan leie til beit? Uavhengig av utspel er det vel berre å spela spar tidleg, er det ikkje, og så vinn du kontrakten same om du kappar eller toppar?
 
Vel, Trond Stafne byrja med ruter konge. Men då sør i andre stikk spela spar, slengde han i dama! Liknar ikkje ho frykteleg på ein singelton?
 
Sør har råd til å ta ein sparrunde til for å sjekke dette. Men det er lett å bli fanga i ein illusjon som den Stafne skapte her, og sør såg aktuelt ikkje noko poeng i å dra ein sparrunde til. Han prøvde i staden ein kløver til knekten, kanskje i von om å bli kvitt ein rutertapar, om forsvaret mot formoding skulle mislykkast med å cashe ut.
 
Men Stafne var på høgda: Han stakk med esset, tok ruter dame, og svinga hjarter til makker Halldor Barikmo sin ess. Barikmo visste jo ut frå meldingane at Stafne måtte ha ein spar til, så derifrå kom ruteren kontant.
 
Sør kunne ikkje godt stela høgt no, det ville jo vera å forære aust eit stikk på ni, åtte fjerde i spar. Sjuaren vart lagt, men Stafne trylla fram spar åtte!
 
Vips, såleis gjekk den utgangen beit.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger