AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ikkje berre ein bridgeboms
Om ein som meg spelar endå mykje elendigare på internett enn «IRL», er det kanskje like greitt å avstå frå bridgespeling no i koronatida. Kva med heller å plukke fram ei bridgebok?
 
Ei av dei beste eg har i hylla – for så vidt kjent som ei av dei beste bridgebøkene som nokon gong er skrivne – er Alan Sontags The Bridge Bum, som i eit glitrande språk fortel om alt og ingenting ved livet til ein suksessrik bridgeproff i USA. Boka er full av glamour og morosame anekdotar, men inneheld òg nokre pene spel. Her er eit døme:   

 
E 6
10 3 2
8 7 4 3
kn 10 5 3
 
kn 8 4 3
5
E K 5 2
E 9 6 4
K 10 9
kn 9 6
kn 10 9 6
D 7 2
 
D 7 5 2
E K D 8 7 4
D
K 8
 
 
VestNordØstSyd
SchenkenWeichselSchenkenSontag
1 rupass2 ru4 hj
passpasspass

 
Ei ballhard melding frå sør. På ruter ess i utspel fylgde aust med knekten. Vest heldt fram med liten ruter, kanskje for å freista kamuflere ruter konge.
 
Det var nok uansett openbert for Sontag at vest sat att med ruter konge, men her stod saktens andre problem i kø. Korleis ville du ha tenkt? 
 
Vest har sannsynlegvis fire spar, ettersom aust ikkje svara 1 spar på ruter. Har vest spar konge, er det sannsynleg at aust – som fort kan ha hjarterlengda – vil kunne stela over blindemann om ein baserer seg på å stela to spar.
 
Sontag bestemte seg difor for å satse på spar konge i aust. Basert på dette, blir det òg naturleg å plassere kløver ess i vest, slik at det må vera riktig å segle knekten i den fargen. Diverre er ikkje kommunikasjonen heller særleg god.
 
Eg tippar at mange ville ha spela spar til esset og spar. Aust vinn med kongen og kan til dømes fri seg med ruter til steling. Sør må no entre bordet på ei sparsteling for å få drege kløver knekt, men vest vinn med esset og kan spela spar, der aust kan stela over bordet.
 
Sontag fann ei lekker løysing, då han i tredje stikk spela spar til dukk!
 
Motspelarane var no sjanselause. Aktuelt skifte aust ein trumf, som Sontag stakk med esset for å spela spar til esset og dra kløver knekt. Vest vann med esset, og fridde seg med ruter. Sontag kunne no spela spar til steling, og kongen kom som bestilt.
 
420 feite til bokføring, og absolutt eit spel for bøkene. Riktig nok skal det seiast at det òg fungerer å spela spar til esset i tredje stikk, og så kløver knekt rundt. Det blir ein tilsvarande situasjon som skissert over, då sør toler å spela sparen frå handa, sidan han berre er nøydd til å stela éin spar i bordet.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger