AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Langsam beit
Dei viktige augneblinkane der det du gjer vil vera skilnaden på heimgang og beit, dukkar sjølvsagt opp i delkontraktar like gjerne som i utgangar. I kategorien «kvardagsspel», som vi studerte for to veker sidan, kan vi òg ta med fylgjande kasus.

 
kn 8 3
10 8 5
E K 8 5
10 4 3
 
D 5 2
K kn 6 2
D 9
E D kn 7
 
VestNordØstSyd
1 hj
1 gr2 hjpasspass
pass

 
Etter dette meldingsforlaupet har du som vest eit vanskeleg utspel, men denne gongen skal du få hjelp: Vi fortel at du valde ruter dame, stukke med esset i bordet. Makker legg ruter tre, sør fylgjer med seksaren.
 
I neste stikk får bordets hjarter åtte gå rundt til knekten din, idet aust fylgjer med sjuaren. Det verkar nærliggjande å halde fram med ruter. Speleførar bed no om kongen frå bordet, aust fylgjer med firaren, sør legg sjuaren.
 
Etter ein liten tenkjepause bed speleførar om spar knekt frå bordet, som går rundt til dama di idet aust fylgjer med firaren og sør med niaren. Kva no?
 
Det er framleis store spørjeteikn her. Det einaste heilt sikre er at makker byrja med singel hjarter, ettersom sørs opning synte fem. Sør «veit» at du har att hjarter konge sidan du melde inn 1 grand, men han veit ikkje at du byrja med så mykje som fire hjarter, sjølv om aust sin sjuar kan vera ein indikasjon på dette. Det ser unekteleg ut til at sør har prøvd på to ting samstundes, både å få teke ut trumfen og få gjort noko med sparen, men så langt går det dårleg med båe prosjekta hans. Kva kan han ha i spar?
 
Han må nok ha ein temmeleg god spar når han legg niaren under knekten, minimum konge, ti, ni. Makkeren vår ville kanskje ha dobla negativt over 2 hjarter om han hadde spar ess fjerde og singel hjarter, eller? Kan det vera at sør har heilt tett spar anna enn dama, altså ess, konge, ti, ni fjerde?
 
Det som iallfall er klårt, er at sør står i fare for å bli trumfmatt. Men det er berre éin farge du kan truge han med, og det er kløver.

 
kn 8 3
10 8 5
E K 8 5
10 4 3
 
D 5 2
K kn 6 2
D 9
E D kn 7
7 6 4
7
kn 10 4 3
K 9 8 6 2
 
E K 10 9
E D 9 4 3
7 6 2
5
 

 
Ved bordet spela vest sløvt ein spar attende inne på spar dame. Sør vann på handa, tok hjarter ess og spela hjarter. No fekk aust lagt styrke i kløver, men det var for seint: Sør hadde kontroll, og fekk sine åtte stikk.
 
For å vinne kontrakten i teorien, kan ikkje sør sleppe rundt spar knekt, han må heller spela hardare på at vest har fire hjarter. Men det var temmeleg plausibelt å føre korta som han gjorde, for alt går veldig bra om aust har spar dame, og det er gode utsikter òg om sparfisken ryk så lenge hjarteren sit 3–2.
 
Men det er ikkje nok med kløver ess og kløver inne på spar dame. Sør stel lågt og prøver hjarter ess, men når sitsen syner seg, kan han kontre med ess, konge i spar og spar ti. Bordets hjarter blir ei brekkstong mot vest; forsvaret får berre eit trumfstikk og eit ruterstikk.
 
Det beitande motspelet er å skifte liten kløver (dama eller knekten fungerer i teorien, men ein må få aust til å stikke). Inne på kongen er det logisk for aust å ta for ruter knekt og spela ruter ti. Sør må stela med niaren, men no får vest kasta ein spar. Dimed er sør fanga; han kan ikkje lenger få teke to rundar spar utan at vest får på ein liten trumf, og spelar han i staden hjarter blir trumfmatten eit faktum.
 
Skulle vest ha funne dette motspelet? Løysinga her ligg i å vera konsekvent med bruk av lavinthal i motspel. Her er det ingen opplagte lavinthalsituasjonar, for aust legg i utgangspunktet berre styrke på utspelet, og fordeling i spar. Men i ruter er det grunn til å bruke det andre kastet som lavinthal, ettersom vest jo allereie har fått styrke i fyrste runde. Her er det riktig nok usikkert om aust har råd til å ofre ein stor ruter i eit tenkt tilfelle der han har noko i spar, og aktuelt var sør òg flink ved å kamuflere den vesle ruter to. I alle høve er det openbert at motspelet fort kan dreie seg om å få aust inn, så då kan det hevdast at ei form for lavinthal vil vera meir nyttig enn fordeling òg i spar.
 
Kort sagt: Når aust fylgjer både med to småe ruter og den minste uteverande sparen, bør ikkje det vera ein indikasjon på kløver konge? Ut frå refleksjonar rundt honnørpoengfordelinga kring bordet, er det forresten òg eit visst sannsyn for at aust har kløver konge. 
 
Hadde du og favorittmakkeren din beita 2 hjarter?

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger