AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Topp eller botn
Innimellom dukkar det opp spel i partevling der ein veit at det ein gjer vil vera skilnaden på kasse og smultring. I vekas spel, som skriv seg frå ei NBF-tevling på nett, sat eg med ei kjensle av at det kunne vera slik – og eg skulle få rett.
 
Fyrst ei meldeprøve:

 
-
10 7 6 3
E K 9 8 4
D 10 4 3
 
 
Med denne handa høyrer du pass framfor deg, og du vel sjølv å passe. Venstre motstandar opnar 1 spar, og makker melder inn 2 grand! Det syner minst 5–5 i dei to lægste umelde fargane, altså kløver og ruter, og der har du jo mildt sagt tilpass. Ikkje overraskande melder nestemann 4 spar, og kva seier du?
 
Eit par ekspertar eg spurde, tenkte straks i retning slem. Slik eg og makker bruker 2 grand, er styrken udefinert, men med så lite som ess, knekt femte i kløver og ingenting anna kan det vera spel for slem, om makker har dobbel spar og singel hjarter. 4 grand kan såleis vera ei god melding; når ein etterpå sjølv «vel» ruter, vil makker forstå at ein har meint å gjera ein sleminvitt.
 
Vel, sjølv hadde eg ikkje mykje tru på makkers innmelding, så eg nøgde meg med 5 ruter. Det verka ikkje som om meldingsforlaupet kom til å døy der uansett. Ganske riktig sa vest 5 spar, og det gjekk to passar attende til meg. Kva no?
 
Passar du, kan dette enno bli eit middelsspel. Men jamfør det eg skreiv over, at 6 ruter fort vil kunne fyke heim, må du nesten melde det. Alternativt er det veldig truleg ein god stamp.

Seier du 6 ruter, går det to passar og dobling. Du får spar ess ut, og skal traktere fylgjande kort:
 
 
5 3
9 4
D 7 6 5 3
K 9 8 5
 
 
-
10 7 6 3
E K 9 8 4
D 10 4 3
 
 
VestNordØstSyd
BjerksetSkjetne
passpass
1 sp2 gr1)4 sp5 ru
5 sppasspass6 ru
passpassdblpass
passpass
1) Båe minor


Litt av ei melding frå vår kjære makker! Reine, skire galskapen etter mi meining, men no skal vi altså spela 6 ruter dobla. Sidan 5 spar ser ut til å stå plakat, vil det nok vera mykje å tene på å berge med to beiter, 300. Sannsynlegvis blir det éin detalj dette handlar om, nemleg plasseringa av kløver knekt.
 
Utspelet stal eg på handa, og spela ruter ess, som alle fylgde på. Deretter drog eg ein ruter til dama, vest kasta liten spar.
 
Det er bra å få undersøkt mest mogleg før ein tek stilling til kløveren, så eg drog hjarter ni. Aust la i dama, og kontra med ny spar til steling. Ny hjarter vann vest med knekten, for så å fri seg med hjarter ess til steling i bordet – aust fylgde lågt båe gonger. 
 
Du kan no få full oversikt over hjarteren ved å spela trumf til handa og den siste hjarteren til steling, men då har du låst deg sjølv til å spela kløver opp frå bordet, for no er det ikkje fleire trumf att på handa.
 
Hjartersitsen er uansett ganske openberr: Aust byrja etter alt å døme med konge, dame fjerde sidan han la i hjarter dame på fyrste hjarterrunde – vest ville fort òg å ha spela hjarter ess ut om han hadde hatt ess, konge, knekt fjerde frå start.
 
Altså byrja vest med tre hjarter, og han hadde singel ruter. Korleis sit sparen? Eg rekna det for sannsynleg at aust for hoppet til 4 spar måtte ha fem spar (med 4–4–2–3 og maks ni honnørpoeng er 4 spar ei meir usannsynleg melding), samstundes som vest fort måtte ha seks for å melde 5 spar. Med andre ord kan ein slutte at vest byrja med fordelinga 6–3–1–3. Når han har kløverlengda, er det odds for å spela på knekten der, så …

 
5 3
9 4
D 7 6 5 3
K 9 85
 
E D kn 10 9 4
E kn 5
kn
E 7 6
K 8 7 6 2
K D 8 2
10 2
kn 2
 
-
10 7 6 3
E K 9 8 4
D 10 4 3
 


Ein kløver gjekk til dama, som vest vann med esset. Ny kløver derifrå måtte eg nesten sleppe, og dimed var katastrofen eit faktum: To ned hadde gjeve rein topp, tre ned vart rein botn – då absolutt alle andre hadde 450 eller 480 aust–vest.
 
Makker meinte sjølvsagt at det var elendig spela: «Ingen melder 5 spar med ess, knekt tredje i kløver!» Den påstanden går over mi fatteevne, og eg meiner at makker må ta sin del av skulda med den sinnsforvirra 2 grand-innmeldinga. Eller kanskje det eigentleg var greitt å spela 6 ruter på desse korta, kanskje vi berre var uheldige? Kva meiner du?

Av Erlend Skjetne  

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger