AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Opplysande dobling?
Vi har nok hatt eit vekas spel tidlegare òg med denne tittelen, kanskje fleire. Ho er nemleg ein klassikar, doblinga som er opplysande på den heller mislykka måten. Denne gongen kjem spelet frå ein hyggeleg og sannsynlegvis ulovleg stovebridge under koronaepidemien.
 
 
8 7 3
D kn 8 4
E D 6 2
10 3
 
9 2
K 10 3 2
9 8 3
8 6 5 4
E D kn 10 5 4
-
10 7 4
E D 9 2
 
K 6
E 9 7 3 2
K kn 4
K kn 7
 
 
VestNordØstSyd
1 sp1 gr
pass2 kl1)3 sp2)4 hj
dblpasspasspass
1) Stayman
2) Forklåra som ei sperremelding

 
På det andre bordet i lagkampen passa vest ut 4 hjarter etter eit tilsvarande meldingsforlaup. Spar ni kom ut til esset, spar attende til kongen. Sør ville få ut trumfen så fort som mogleg, så han la ned hjarter ess og spela ny hjarter. Men vest kunne vinne med kongen, og fekk ei svært tydeleg kløver to frå makker. Dimed kom høg kløver i skift til esset, og aust spela spar, som gav vest stikk for hjarter ti – beita.
 
Med doblinga hadde ikkje sør nokre vanskar med å vinne kontrakten: Motspelet byrja likt, men i staden for hjarter ess spela sør ein liten hjarter. Vest la lågt, dama vann stikket, og så gjekk ein ruter til kongen og ny liten hjarter opp. Vest vann med kongen og skifte kløver til esset, men ny spar frå aust stal sør med trumfesset, og kunne kutte opp hjarter ti.
 
Under samanlikninga vart det diskutert om ikkje sør bør vinne kontrakten utan dobling òg. Er det ikkje «safe» å spela liten hjarter? Men det er sjølvsagt berre tull: Om aust stikk hjarter dame med kongen og spelar spar, må sør gjette kva han skal gjera med hjarteren. Det kan bli svært pinleg å stela høgt og kutte etter hjarter ti, og gå beit om aust byrja med konge, ti blokk i hjarter, når det eigentleg var elleve stikk i kontrakten.
 
Beste speleføring utan dobling – noko som ikkje vart kommentert under samanlikninga – er kanskje meir innlysande i partevling, der ein jaktar overstikk: Sør bør spela ruter til bordet og dra hjarter dame. Det dekkjer for alle tilfelle av hjarter konge i aust, samstundes som det tek høgd for 4–0-sits. Skulle vest ha konge, ti tredje i hjarter, var det tidlegare nemnde trumfvalet uansett ikkje til å unngå.
 
Det vi kan vera samde om, er at det ikkje var ei særleg god dobling. Tvilsame utgangar bør doblast hardt i lagkamp, men med så tynn trumf er risikoen stor: Ofte er doblinga den hjelpa speleførar treng for å finne fram til ei vinnande line. 

Av Erlend Skjetne   
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger