AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
På håret
Dobla delkontraktar i lagkamp er ikkje noko å tulle med. I vekas spel, som skriv seg frå ein tidleg runde i Realbridge online lag, er vi på svært djupt vatn.  
 
 
K D kn 8 7
9 3
10 4 3 2
D 10
 
E 4
kn 6 5
8 7 6 5
K kn 7 5
 
VestNordØstSyd
2 sp1)pass3 kl2)
dbl3)passpasspass
1) Femkorts
2) Ikkje krav
3) opplysande

 
Er du samd i passen på 3 kløver dobla? Denne hausta skarp kritikk frå fleire hald, og det skal seiast at risikoen er høg. Det hadde sjølvsagt vore annleis om ein sat bakom kløveren, ikkje i saksa. På den andre sida er det lite truleg at bordet har særleg mange inntak, så det blir neppe mogleg for sør å kutte opp heile kløveren, og aust har ikkje mange andre attraktive meldingar. 3 ruter på fire småe verkar stussleg, 3 hjarter på trekorts likeså, og skulle 3 grand ha sjansar, er det vel mogleg at 3 kløver må vera beit.             
 
Ut mot 3 kløver dobla kjem ruter konge, som du fylgjer med åttaren på. Sør vinn med esset og spelar spar til toaren frå makker, kongen og esset. Korleis grip du an motspelet?  
 
Fyrst ei oppteljing. Vi må stole på at makker legg fordeling i spar, så det ser altså ut til at han femkorts, for sør har neppe tre når han valde å spela i 3 kløver heller enn å støtte sparen. Så dobla makker opplysande, så vi bør kunne forvente minst sju kort i dei umelde fargane, og normalt fire hjarter. Det tyder at makker har maks éin kløver, moglegvis null. Vi vil helst ikkje at speleførar skal få stole hjarter i bordet, men vi kan ikkje godt spela trumf, for ikkje berre vil dette koste oss trumfstikk, det vil òg gje speleførar raskt inntak til det som ser ut som nyttige sparhonnørar.
 
Vi må altså avfinne oss med at speleførar fort får stole hjarter i bordet, og heller finne ein annan veg til beit. Det tyder ikkje at vi treng å hjelpe speleførar med hjarteren, og det skadar neppe å spela ruter fyrst for å klårgjera situasjonen der. Det som då skjer, er at sør stel. Han kontrar med liten hjarter, som går til niaren i bordet og knekten vår.
 
Vi er eigentleg sikrare på fordelinga no. Det verkar overvegande sannsynleg at sør byrja med 1–4–1–7, og det gjer at vi er i ein temmeleg kritisk posisjon. Vi får ikkje meir enn to hjarterstikk og sparesset i sidefargane, altså må vi ha to trumfstikk for å beite. Ettersom sør ser ut til å bli nøydd til å trumfe hjarter i bordet, er for så vidt konge, knekt fjerde i kløver to stikk. Men problemet er at kløveren vår kan bli fanga i ein pikant sluttposisjon i trumf.
 
Innan no har du kanskje forstått poenget: Sør må ikkje få stela ein masse ruter og såleis korte seg i trumf. Vi bør kontre med hjarter, for å sikre at makker forstår at han skal spela meir hjarter, som bordet må trumfe. Sør vil kanskje då ta spar dame med avkast av ein fjerde hjarter (sjølv om denne skulle vera eit ståstikk), men han får ikkje fanga opp trumfen vår.
 
Heile spelet:

 
K D kn 8 7
9 3
10 4 3 2
D 10
 
10 9 8 6 5
E D 7 4
K D kn 9
-
E 4
kn 6 5
8 7 6 5
K kn 7 5
 
3
K 10 8 2
E
E 9 8 6 4 3 2
 

 
Det som aktuelt skjedde, var at aust spela ny ruter inne på hjarter knekt. Sør stal og spela ny hjarter, som vest vann med dama for å fri seg med den siste ruteren (vest kunne framleis ha beita kontrakten ved å spela meir hjarter; kanskje burde han òg ha forstått det).
 
Sør fekk altså stela igjen, og var no nede på ess, ni, åtte, seks i kløver. Hjarter konge vart stolen i bordet, spar dame teken med avkast av den siste hjarten. No fall ikkje sør for freistinga å dra kløver dame, som aust beiter ved å dekkje, men han spela i staden endå ein spar, så han fekk korta seg sjølv ein siste gong. Med ess, ni, åtte att i kløver, la han heller ikkje ned esset, men spela åttaren til dama og kongen. Aust måtte avslutte frå knekt, sju opp i ess, ni.
 
Det er relativt stor skilnad på 670 ut og 200 inn, ikkje minst når ein skal forsvare seg overfor lagkameratane under samanlikninga. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger