AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ein liten ekstra innsats
Denne vekas oppgåve er nok inga hard nøtt for durkdrivne spelarar. Men det er alltid artig å sjå ein klassikar og eit instruktivt poeng dukke opp i praksis. Åstaden var ein sumarbridge i Bridgehuset i Trondheim.  
 
 
E kn 6 5
K 10 3
7 6 5
D 8 2
 
 
K D 10
E D 9 8 5
E K 10 3 2
-
 
 
VestNordØstSyd
1 hj
pass3 kl1)pass3 ru
pass3 sp2)pass6 hj
passpasspass
1) Invitt i hjarter
2) Kontrollmelding

 
Enkelt og greitt meldt til ein god kontrakt. Idet nord syner sparkontroll – at det dreier seg om esset, verkar truleg – er det rart om det ikkje skal vera eit visst spel for 6 hjarter. Sett frå sørs ståstad, er det heller ikkje umogleg at det kan finnast storeslem i korta. Men ein skal vera bra trygg på avtalene for å kunne avklåre dette, og aktuelt var ikkje nord–sør faste makkerar. Altså verka lilleslem passeleg.  
 
Vest byrjar motspelet med ein liten trumf. Korleis planlegg du spelet?
 
Utspelet gjer at trumfen i og for seg er i orden. Enn vidare kan sparen gje avkast av ein ruter, men dette hjelper lite: Sør har likevel to ruter att, så ein må basere seg på å setja opp ruteren. Dette er enkelt om fargen sit 3–2; problemet oppstår dersom han sit 4–1.
 
I praksis gjekk utspelet til liten, seksaren og niaren. Sør la så ned ruter ess, som båe motstandarar fylgde lågt på. No gjekk spar ti til knekten, og ein ruter frå bordet.
 
Skulle aust fylgje lågt, må sør nesten stikke. Igjen, sit ruteren 3–2, er alt over. Skulle vest kunne trumfe ruter konge, kunne ein ha vunne kontrakten med ei heilt anna speleføring. Men når vest ikkje spela ruter ut, er det nok meir sannsynleg at ein eventuell singel ruter sit i aust.
 
Ganske riktig: Aust var fri i andre ruterrunde. Han valde å stela i med ein liten trumf, og då la sør sjølvsagt liten ruter. Optimistisk prøvde aust å cashe kløver ess, men sør stal og tok hjarter ess.
 
På denne fylgde båe motstandarar, og dimed var trumfen ute. Sør kunne ta ruter konge og stela ein ruter, og dimed var handa hans god.
 
Heile spelet:

 
E kn 6 5
K 10 3
7 6 5
D 8 2
 
8 4
kn 2
D kn 8 4
K 10 5 4 3
9 7 3 2
7 6 4
9
E kn 9 7 6
 
K D 10
E D 9 8 5
E K 10 3 2
-
 

 
Å ganske enkelt ta ut trumfen og så basere seg på at ruteren ordnar seg, ville ikkje ha ført fram slik fordelinga var.
 
Det hjelper ikkje aust å ikkje trumfe andre ruter; sør stikk då med ruter konge og spelar ein tredje ruter. Etterpå kan ruteren godspelast med ei steling i bordet.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger