AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Triste greier
Alle som har sysla med bridge ei stund, veit at spelet kan vera brutalt og ufyseleg. Her er eit lite døme frå ei partevling: 
 
 
10 8 4 3
E 10 7 3
K 9 4
6 3
 
-
kn 9 2
E 10 7 3
E D 10 9 7 5
kn 5
K 8 4
D kn 8 6 5 2
K 4
 
E K D 9 7 6 2
D 6 5
-
kn 8 2
 
 
VestNordØstSyd
passpass4 sp
passpasspass

 
Sjå på aust–vest sine kort. 5 kløver står om ikkje motparten i dei to fyrste stikka greier å slå hol på hjarteren (det er sjølvsagt òg mogleg å bomme hjarteren idet nord kjem inn på ruter konge). 5 ruter står derimot alltid. Sei at sør finn det kritiske utspelet av ein hjarter, og at nord vinn og spelar ny hjarter til kongen. No fylgjer ruter dame, som blir stukken med esset idet sør er renons. Så kjem tre gonger kløver. Nord kan stela den siste lågt, men speleførar stikk over og spelar bordet inn på ei sparsteling, og så kjem nok ein kløver. Nord stel med ruter konge, men endeleg blir speleførar kvitt hjartertaparen sin.
 
Men slik gjekk altså ikkje meldingane. Faktisk var det ingen i heile salen som opna på aust sine kort, litt overraskande. Derimot opna alle i sør med 4 spar, som absolutt er forsvarleg mot ein passa makker, og alle fekk spela denne kontrakten.
 
Korleis hadde du ført korta med liten hjarter ut frå vest? Det er logisk å leggje lågt i bordet. Stikk du, kan du jo fort risikere å få to hjartertaparar.
 
Men kva skjer så? Jo, éin stakkars sørspelar opplevde at aust vann med kongen og skifte kløver konge og kløver til vest, som spela ein tredje kløver. Dimed tok aust beita med spar knekt, og det fekk sør rein botn på!
 
Ein annan sør var riktig nok nær å måte dele denne lagnaden, då han fekk kløver ess og kløver ut. No skifte aust ruter, og igjen var det svært naturleg det sør gjorde, då han kasta ein hjarter. Dette utelukkar jo faren for å få to hjartertaparar etterpå. Vest kom inn på ruter ess, men var sløv og skifte hjarter, og kontrakten stod.
 
Sør skulle ha gjort motspelet litt vanskelegare ved å kaste kløver knekt under kongen. Likevel bør det vera openbert for vest at beste beitesjanse ligg i å spela ein tredje kløver. At sør byrja med maks tre hjarter, er temmeleg desidert idet han kastar hjarter på ruteren.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger