AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Halmstrået
Ein treng ikkje å telja så frykteleg langt i bridge, ofte til 13 og sjeldan lenger enn til 40, men det gjeld å gjera det i den rette augneblinken. Vekas spel skriv seg frå ein privat hyggebridge nyleg. 
 
 
E 9 3
K 10 9 3 2
10 3
E 8 6
 
 
K D kn 8 7 4 2
E 8 4
9 2
9
 
 
VestNordØstSyd
1 hj2 kl2 sp
3 ru3 sp5 ru5 sp
passpasspass

 
Vest byrjar med ruter konge, som aust legg ruter fem på, og held fram med ruter dame, som aust legg ruter fire på. Så kjem kløver fire i skift, som du stikk med esset.

Det var lite komfortabelt å hamne heilt oppe i 5 spar på desse korta, men gjort er gjort. Augnar du ei von for kontrakten?

Medan du er inne i bordet, kan det vera greitt å stela ein kløver for å sjå kva som skjer (du har råd til å bruke ein høg trumf). Vest fylgjer no med kløver ti, så du kan vera rimeleg sikker på at han byrja med tre kløver, for elles ville han nok ha skift til ein større kløver i førre stikk. Du tek spar konge, alle fylgjer, og spelar spar til esset, som aust kastar ein kløver på.

Det kunne kanskje ha vore ein skvis her, om det var slik at aust hadde «alt» i kløver pluss hjarterlengda. Men for det fyrste har kløver ti i andre kløverrunde avslørt at vest truleg har endå ein kløver som er høgare, pluss at det strengt teke er for dårleg plass på aust si hand: Det ser ut til at han byrja med seks kløver og fire ruter, og i tillegg hadde han ein spar, så han kan ikkje ha meir enn to hjarter. Motparten har altså ikkje noko dei kan bli skvisa i.

Vel, for å vera sikker på korleis kløversitsen er, kan du dra ein ny kløver til steling. Ganske riktig fylgjer vest med dama. No dreg du resten av trumfen, men det er i grunnen inga hjelp i det, for i siste instans vil du likevel bli nøydd til å prøve hjarteren.
 
Det er openbert at vest ikkje kan ha singel hjarterhonnør, så å spela til kongen kan umogleg ha noko for seg. Resignert legg du i staden ned hjarter ess, men det er no du må ha fylgd litt med, for aust kjem faktisk med dama.

I høve til teorien om avgrensa val skal du no kutte, for det er meir sannsynleg at dama er singel enn frå dobbelton. Gjer du så det?
 
Nei. Aust kan ikkje ha byrja med singel hjarter, når han hadde berre éin spar, maks fire ruter og seks kløver. Du må altså toppe, og får aktuelt den store julegåva, då heile spelet såg slik ut: 
 
 
E 9 3
K 10 9 3 2
10 3
E 8 6
 
10 6
7 6 5
K D kn 8 6
D 10 4
5
D kn
E 8 5 4
K kn 7 5 3 2
 
K D kn 8 7 4 2
E 8 4
9 2
9
 

 
Det var på håret! At det er mogleg å hente 800 mot 5 ruter dobla, kan du ikkje liggje nattevaken og tenkje på, om du greidde å snelle heim 5 spar.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger