AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Daud hand?
I dag ei motspelsprøve, igjen frå ein privat lagkamp nyleg.
 
 
D 7 2
5 4 2
E D 8 4
kn 5 2
 
8 5
kn 10 8
kn 10 7
E 8 6 4 3
 
VestNordØstSyd
1 gr
pass2 grpass3 gr
passpasspass

 
Du sit i vest, og etter dette enkle meldingsforlaupet vel du å spela liten kløver ut. Aust stikk med kongen, sør fylgjer med dama, og så spelar aust sjuaren opp igjen til tiaren i sør. Kva no?
 
Det kan verke naturleg å dukke. Dersom makker byrja med tre kløver, vil vi jo at han skal kunne koma inn og så spela kløver til oss. Men tenkjer du igjennom saka, veit du at sør har att kløver ni: Makker ville jo ha spela niaren attende frå ni, sju – norsk fordeling frå attverande.
 
Å dukke kløveren har altså lite føre seg, så du stikk. Kva skal du no halde fram med?
 
Kløveren verkar vonlaus, for vi har jo ikkje noko som liknar veldig på eit inntak. Slik tenkte vest på det eine bordet i lagkampen, og skifte til det som verka minst farleg, nemleg hjarter knekt.
 
No hadde sør ingen vanskar med å vinne kontrakten, då heile spelet såg slik ut:
 
 
D 7 2
5 4 2
E D 8 4
kn 5 2
 
8 5
kn 10 8
kn 10 7
E 8 6 4 3
K 10 6 3
D 7 6
9 6 5 3
K 7
 
E kn 9 4
E K 9 3
K 2
D 10 9
 

 
Hjarter knekt fekk halde stikket, og vest heldt lykkeleg fram med hjarter. Sør fekk etter kvart to sparstikk, tre hjarterstikk, tre ruterstikk pluss kløverstikket, for ni totalt.
 
På det andre bordet såg ikkje vest noko poeng i å skifte farge. Makkeren hans var markert med maksimalt 5–6 honnørpoeng til ut ifrå meldingsforlaupet (sør har teke imot invitten til 3 grand), så det er nesten umogleg at aust både har stikk han vil få sett opp, og eit inntak til å hente desse stikka. Dimed peikar eit passivt motspel seg ut som det beste – og det kan faktisk vera akkurat slik som det var, at sør har ein hjarterfarge som det er fint for han å få etablert.
 
På den tredje kløveren gjorde aust veldig rett i å kaste hjarter. Kontrakten står no likevel på fleire måtar. Sør har eit mogleg såkalla avoidance play i hjarter, som inneber at hjarteren kan setjast opp utan at den farlege vesthanda kjem inn, om speleførar får drege hjarter frå bordet (om aust legg i dama i fyrste runde, får han for ho, elles stikk sør, og kan etterpå dukke ein hjarter til aust). Men det verkar like naturleg å spela på sparen.
 
Kva er så riktig der? Kanskje er det best, etter at kløver knekt vinn tredje stikk, å spela spar til knekten og så liten opp mot dama – men det ekle valet kjem med ein gong, idet aust vinn med kongen og kontrar med spar. Det vart i staden så sør spela spar til knekten og la ned spar ess, i von om at tiaren eller kongen skulle syne seg. Då dette ikkje skjedde, prøvde han ein tredje spar. Sorten kunne jo ha sete 3–3, men aust tok to sparstikk, og enno måtte forsvaret få eit raudt stikk.
 
Ver ærleg: Korleis ville du ha ført korta – og korleis ville du ha spela imot?

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger