AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Enkel oppgåve?
Kryssteling er ein temmeleg vanleg speleføringsteknikk som ofte er svært nyttig. Men ein må hugse å sjå på alle fargane, ikkje berre kortfargane. Vekas spel skriv seg frå 3. divisjon, og bør vera ei overkommeleg prøve. Ikkje di mindre gjekk fleire speleførarar i baret. 
 
 
D 4 2
E K 10 9 4
D 8 6 5 3
-
 
 
E K 10 9 8 5
kn 8 2
-
E 6 5 3
 
 
VestNordØstSyd
1 hj3 kl3 sp
pass4 kl1)pass6 sp
passpasspass
1) God lyft i spar

 
Godt meldt! Det vil seia, som sør kunne du nok ha gjort nokre undersøkingar for eventuelt å finne storeslem, men det vil fordre tette avtaler med makker. 6 spar er ein sunn kontrakt. Når vest byrjar med kløver ti, korleis planlegg du spelet?
 
Vi kan ta det farge for farge: Trumfen er jo temmeleg god. I hjarter har du to toppstikk, og manglar dama. Det er svært mogleg å få fire eller til og med fem hjarterstikk, men du kan altså ikkje vera trygg på at du ikkje har ein hjartertapar. Ruteren kan vi sjå bort ifrå. I kløver har du tre pygmear du helst må bli kvitt, for du kan jo ikkje risikere å tapa stikk i kløver, når du kanskje har ein hjartertapar.
 
Tyder dette at du skal stela tre kløver i bordet? Nei, for då må du jo bruke spar dame, og spar knekt hjå motparten blir ein trugsel. Det kan òg skje at vest får kasta hjarter når du driv og spelar kløver, noko som kan gjera det vanskelegare for deg å få fatt i hjarterstikka dine.
 
Den enkle løysinga er å basere seg på hjarterfargen. Får du fire stikk der, treng du berre å stela éin kløver i bordet. Det som er viktig då, er at du tek vare på kløveresset ditt, slik at motparten ikkje har noko kløverstikk å ta når dei eventuelt kjem inn på hjarter dame.
 
Du bør altså stela utspelet i bordet. No har du berre att to småe kløver, og dei finn parkering på hjarteren. Med andre ord kan du like gjerne spela spar dame, med plan om å ta ut trumfen.
 
At aust no syner renons, gjer ingen stor skilnad. Det tyder at du har ein lite hyggeleg trumftapar, men du toler denne så lenge hjarteren ordnar seg.
 
I hjarter er det ingen spesiell grunn til å gjera noko anna enn å ta finessen. Det ser jo litt stygt ut: Du trur kanskje at aust er lengst i hjarter, sidan han var renons i spar, men har han dama tredje, er det ingenting å få gjort med det, og det er mindre sannsynleg at han har dama dobbel enn att han har ein liten dobbelton. Altså er finessen riktig hjartervariant.
 
Men obs, obs! Det er ein detalj til du må hugse: Du kan ikkje nøye deg med tre høge trumf, du må faktisk spela ein fjerde spar for å få plukka bort spar knekt. Du kan ikkje risikere at vest stel tredje eller fjerde hjarterrunde med spar knekt, for bordet har jo ikkje fleire inntak, og du treng to avkast.
 
Heile spelet:
 
 
D 4 2
E K 10 9 4
D 8 6 5 3
-
 
kn 7 6 3
D 6 3
E kn 7 4
10 4
-
7 5
K 10 9 2
K D kn 9 8 7 2
 
E K 10 9 8 5
kn 8 2
-
E 6 5 3
 

 
Vann du tolv stikk her, kan du vera godt nøgd med deg sjølv. Fleire speleførarar hamna på elleve, og éin gjekk endåtil beit i 4 spar (!), utan at det er klårt korleis dette kunne skje. I 3. divisjon i Trondheim var det berre Odd Inge Hovd–Astrid Margrethe Grønnesby og vinnarlagets Hans Arne Forseth–Lars Tore Langørgen som melde og vann 6 spar.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger