AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Riktig medisin
Harde kontraktar fordrar av og til drastiske verkemiddel. Det gav Kåre Osvald Bogø eit døme på i finalen i NM klubblag i Kragerø nyleg.

 
10 5
K kn 7 4
-
E D 6 5 4 3 2
 
K D 7 4 2
D 3
E D kn 7
kn 7
9 8 3
8 6
10 9 4 3
K 10 9 8
 
E kn 6
E 10 9 5 2
K 8 6 5 2
-
 
 
VestNordØstSyd
LangelandKristoffersenFjælbergBogø
pass1 hj
1 sp4 ru1)pass4 gr
pass5 hj2)pass6 hj
passpasspass
1) Renons
2) To essverdiar

 
Dette er frå kampen mellom Studentenes BK 3 og Klepp BK 5. Studentenes vann ikkje berre kampen, men òg tevlinga temmeleg klårt.
 
I overkant hardt meldt, vil ein gamal grinebitar meine; det kan diskuterast om kongen femte i ruter passar så til dei gradar godt mot nords renons at sør har til Blackwood.
 
Spar konge kom ut til esset, for så vidt ein favør, men likevel ser det temmeleg tungt ut å vinne denne slemmen når kløveren ikkje sit snillare enn han gjer, eller kva?
 
Å basere seg på å godspela ruteren blir for ambisiøst, og rein kryssteling fører heller ikkje fram denne gongen. Det er kløveren som må utnyttast, men å til dømes spela hjarter ess og hjarter fungerer ikkje: Sjølv om dama kjem velvillig på, har ein for dårlege kommunikasjonar til bordet til både å godstela og hente kløveren.
 
Kåre Bogø følte at situasjonen var kritisk, og spela i andre stikk ein hjarter til knekten!
 
Det var ein innertiar. No kunne han stela ein kløver, spela hjarter til kongen og stela nok ein kløver. Enno ligg det att to trumf i bordet, som er akkurat det som trengst for å få stole nok ein kløver og deretter hente kløveren. 1430!
 
På det andre bordet i kampen vart det berre meldt utgang, for så vidt fornuftig nok. Det var fire andre speleførarar i salen som prøvde seg i slem, og alle gjekk beit. Éin annan speleførar skrapa saman tolv stikk, men han var så høgt som i 7 hjarter.
 
I rettferds namn bør det vel seiast at Bogøs speleføring naturlegvis kunne ha vorte feil. Aust kunne ha hatt hjarter dame dobbel samstundes som kløveren kunne ha sete 3–3 eller kongen dobbel, til dømes. Men Bogø gjorde det som trongst når det trongst. Han kunne alltids ha stole litt fram og tilbake tidlegare i speleføringa, men slik det aktuelt sat, må sør før eller seinare ta den direkte hjarterfinessen for å kunne vinne slem.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger