AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Vinnande variant
Tor Eivind Grude valde rett i denne vekas spel, som skriv seg frå Noregs kamp mot Sverige i EM. Valde den svenske motstandaren feil? Du kan få ei speleføringsprøve:

 
K
kn 10 9 4
E K 8
K 5 4 3 2
 
 
kn 9 5 4
E K 7
D kn 6
D 10 6
 
 
VestNordØstSyd
MichielsenHelgemoCullinGrude
1 kl
pass1 hjpass1 gr
pass3 grpasspass
pass

 
Vest byrjar med spar tre, fjerde høgste, til kongen som står – aust fylgjer med tiaren. Kløveren må i vinden her, så du får ikkje noko val, du spelar ein hjarter til esset og ein kløver til kongen. Vest fylgjer med sjuaren, aust vinn med esset.
 
No kjem spar dame, som vest fylgjer med toaren på, deretter spar åtte til niaren og esset. På desse to sparane verkar det naturleg å kaste ein kløver og ein hjarter i bordet. Så spelar vest ein fjerde spar, og du skal kaste eit kort frå bordet idet situasjonen ser slik ut:

 
-
kn 10
E K 8
5 4 3
 
 
kn
K 7
D kn 6
D 10
 

 
Tid for ei oppteljing. Du har sikra deg to sparstikk og eit kløverstikk i tillegg til dei fem raude toppstikka dine – åtte. Det niande stikket kan koma i kløver – anten gjennom finessen på kløver ti, eller at kløver dame feller knekten, eller at bordet får etablert eit langfargestikk i kløver. Det kan òg koma i hjarter, anten finessen eller ved at hjarter konge feller dama. Så, kva skal ein velja?
 
Éi sak er sikker: Vest har nok den femte sparen, både ut frå at motparten bruker fjerde høgste mot grand (vest spela ut trearen og fylgde med toaren under dama), og ut frå aust sitt forsøk å avblokkere under kongen. Det verkar altså som at vi må unngå at vest kjem inn. Båe finessane er dimed særs lite hyggelege.
 
Er det best å kombinere sjansane, altså toppe éin farge, og om dette ikkje gjev resultat, kutte den andre? Det er i så fall større sjanse for at den fordrøymde honnøren ramlar i kløver, der vi byrja med åtte kort, enn i hjarter der vi byrja med sju. Kanskje nettopp difor valde svenske Simon Hult, i skisserte situasjon, å kaste endå ein kløver i bordet, toppe kløveren og så ta hjarterfinessen (riktig nok med nokre ruterstikk i mellomtida). Men det vart fadese, då heile spelet såg slik ut:

 
K
kn 10 9 4
E K 8
K 5 4 3 2
 
E 7 6 3 2
D 8
5 4 3 2
9 7
D 10 8
6 5 3 2
10 9 7
E kn 8
 
kn 9 5 4
E K 7
D kn 6
D 10 6
 

 
Hult gjekk to beit, på eit spel der einskilde noterte elleve stikk. Men det har nok å gjera med at mange melde spar på sørs kort, slik at det ikkje kom sparutspel.
 
Grude hamna òg i situasjonen skissert over, men han valde då å kaste endå ein hjarter i bordet. Så spela han kløver dame og ein ny kløver. Han fekk då med seg moglegheita for at knekten kunne ramle i vest, og elles var vona at aust hadde han – og det stemte jo. Han hadde ikkje fleire spar å spela, så kløverkvisten i bordet vart kontraktstikket.
 
Eg er sanneleg ikkje sikker på dette spelet. Var det riktig, det Grude gjorde? Eller var han berre litt heldigare enn Hult? Ein matematikar kan kanskje svara.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger