AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Så nært, men akk så fjernt
Etter at dei vann grunnspelet og slo eit koreansk lag klårt i fyrste utslagsrunde, knytte det seg store forventningar til Geir Helgemo–Fredrik Nyström på lag Leibowitz i ope VM lag. Men så vart det bråstopp mot det polske lag AZS Wratislawia. Dette var det siste spelet i kampen: 

 
7 6 2
E D 2
E K kn 7 6 2
3
 
-
10 8 7 6 5 3
8 5 3
K D 7 6
K D 9 5
9 4
10 9 4
10 5 4 2
 
E kn 10 8 4 3
K kn
D
E kn 9 8
 


Vest                     Nord                    Aust                     Sør
P. Patreuha        Helgemo             Jassem                Nyström
                                                        pass                    1 sp
pass                    2 ru                       pass                    2 sp
pass                    4 kl1)                    pass                    4 gr
pass                    5 hj2)                    pass                    6 sp
pass                    pass                     pass
 
1) Kortfarge og trekorts sparstøtte
2) To ess
 
Då resultatet på det andre bordet var 5 spar i hus, stod mange IMP på spel då Fredrik Nyström valde å melde slem.
 
Det er ein god slem. Etter kløver konge ut til esset, innsåg Nyström at han ikkje var avhengig av så veldig mykje meir enn å unngå to spartaparar, og at han normalt ville ha råd til å handsame sparen på den matematisk korrekte måten, altså ta dobbeltfinessen. Han spela difor ruter dame til esset, og ein spar til knekten. Men renonsen i vest var ei ekkel overrasking.
 
No tok Nyström seg ein lengre tenkjepause, før han spela hjarter knekt til dama og byrja med ruterfargen.
 
På to høge ruter måtte båe motspelarane fylgje farge – gode nyhende – og to kløver forsvann frå sør. Situasjonen er no denne: 

 
7 6
E 2
7 6 2
-
 
-
10 8 7 6
-
D 7 6
K D 9
9
-
10 5 4
 
E 10 8 4 3
K
-
kn
 

 
Nyström spela ein ståande ruter. Dersom aust stel lågt, er alt sjølvsagt is og brus. Dersom aust stel høgt, kastar Nyström den siste kløveren sin, og har også full kontroll.
 
Men Krzysztof Jassem hadde eit langt betre trekk på lager, då han kasta hjarteren sin. No kasta Nyström, framleis i høve til planen, den siste kløveren, og spela deretter spar. Jassem splitta honnørane, Nyström dukka, og Jassem spela kløver til steling hjå Nyström. No var det berre å gå inn i bordet i hjarter og …
 
Nei, Jassem kunne stela hjarter ess – éi beit.
 
For å vinne må Nyström spela spar direkte etter dei to høge ruterane. Aust må splitte. Sør må for all del ikkje dukke, men stikke med esset og spela hjarter konge til esset. kjem ruteren. Aust har berre honnør, ni att i spar. Stel han høgt, kastar sør den siste kløveren. Stel han med niaren, stel sør over og spelar kløver til steling. Kastar han ein kløver, kastar sør òg kløver og er inne i bordet og kan spela spar.
 
Lag Leibowitz tapte 13 IMP på spelet. Men slik det aktuelt vart, ville dei ha tapt kampen sjølv med heimgang i slemmen. Det kan nok likevel hende, då Nyström gjekk frå bordet etter å ha gått beit, at han trudde han hadde hamra spikaren inn i kista.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger