AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Takling
I denne vekas spel skal vi til den spennande semifinalen mellom USA 1 og Sveits i Bermuda Bowl. Sjoert Brink fann ein glimrande skift som gjorde livet vanskeleg for amerikanske Geoff Hampson. 

 
kn 4
E 10 7 5
E D 6
E D 9 4
 
7 5 2
K D 8 6 3
3
10 7 6 2
K 8
9 4
K kn 10 7 5 2
K 8 3
 
E D 10 9 6 3
kn 2
9 8 4
kn 5
 
 
VestNordØstSyd
BrinkGrecoDrijverHampson
2 sp
pass4 sppasspass
pass


På det andre bordet opna det polske stjerneskotet Michał Klukowski (no altså i sveitsisk drakt) med multi i sør. Han og makkeren Piotr Gawryś hadde no den gode avtalen at nord med 4 kløver kunne be sør overføre til majoren sin, altså slik at 4 ruter vil syne hjarter og 4 hjarter spar. Fordelen er at svarhanda kan velja om han sjølv eller opnaren bør spela kontrakten. Sør sa 4 hjarter, som vart utspelsdobla i vest, før 4 spar altså hamna i nord. Med hjarter ut vart det eit overstikk i kontrakten.
 
Ruter ut frå vest var meir prekært for Hampson. Han har ingen sikker veg til heimgang no. Eg synest ikkje det var unaturleg å prøve ruter dame, men denne gongen kom det straks ruter attende til steling i vest (det gunstige ville altså ha vore å stikke med ruter ess; liten i bordet i fyrste stikk gjev sjølvsagt akkurat same resultat som å leggje dama).
 
Dersom Brink no skifter kløver, har speleførar eit val. Han kan satse på at vest har kongen og leggje liten – sit kongen bak, blir det beit med ei ny rutersteling. Alternativt kan han stikke med esset og satse på spar konge i kapp; då får han etablert eit kløverstikk til avkast av hjartertaparen etter å ha teke ut trumfen.
 
Med andre ord kan kontrakten godt vinnast med kløverskift. Med hjarter konge i skift er han òg opplagt; speleførar stikk med esset, tek sparkappen og etablerer eit hjarterstikk ved å presse ut dama.
 
Du ser vel no kva det beste skiftet er? Brink skifte liten hjarter. Å leggje liten i bordet er no nesten umogleg for Hampson, som veit at kontrakten då vil gå beit om aust har éin av hjarterhonnørane. Det verkar betre å satse på at båe dei svarte finessane går, og stikke med esset.
 
Sparfinessen gjekk altså, men ikkje kløverfinessen, og Hampson måtte gå ei sonebeit. Eit glimrande motspel, for 13 IMP på vegen mot finaleplass og etter kvart verdsmeistertittel.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger