AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Med brask og bram
Vi skal endå ein tur attende til Bermuda Bowl. Medan Noregs VM-lag i open klasse tidleg fekk trøbbel i semifinalen sin mot Nederland, var oppgjeret mellom USA 1 og Sveits spennande nokså lenge. Mot slutten låg USA likevel såpass mykje bak at dei måtte ha kort med litt fart i for å kunne vinne. Det fekk dei i form av spelet under, men også dette gjekk i sveitsisk favør. 

 
5
E K kn 10 4
D
kn 10 8 7 3 2
 
8 7 6
9 5
6 5 4 3 2
D 6 5
D kn 9 3 2
D 8 6 3 2
10
9 4
 
E K 10 4
7
E K kn 9 8 7
E K
 
 
VestNordØstSyd
WeinsteinKlukowskiLevinGawryś
1 kl
pass1 hjpass1 sp
pass2 grpass3 ru
pass3 grpass4 ru
pass4 hjpass4 gr
pass5 klpass5 hj
pass7 rupasspass
pass


Kva kontrakt vil du helst vera i på desse korta?
 
Med til saman åtte kløver verkar jo det som den normale trumfen, men der manglar altså dama, så det kan ikkje tilrådast å melde storeslem der, og det hadde heller ikkje gått bra denne gongen.
 
I ruterkontrakt, derimot, finst det diverse moglegheiter for tretten stikk på anna vis. Tyder det at 7 ruter er ein god kontrakt? Tja … På det andre bordet i lagkampen stogga amerikanske Eric Greco–Geoff Hampson i 6 ruter, så då Piotr Gawryś–Michał Klukowski heiste seg opp i storeslem (via eit meldingsforlaup eg ikkje skal prøve meg på å forklåre), stod mange IMP på spel.
 
Gawryś fekk trumf ut, og såg straks tiaren falle frå aust. Han har ikkje no noka moglegheit for å stela god og hente kløveren, noko som kunne ha vore eit alternativ (riktig nok eit risikabelt eit) med kløver eller spar ut. Det Gawryś gjorde, var å spela spar til handa i andre stikk og dra all trumfen, og etterlata tre kløver og ess, konge, knekt i hjarter i bordet. Det er no framleis mogleg å ta ein hjarterfinesse, men sjansen er jo stor for at noko hyggeleg skjer når motparten må kaste så mange kort, og ein òg har ess, konge i kløver og spar konge å smelle i bordet.

Aktuelt måtte aust kvitte seg med sparhaldet for å halde hjarteren (frå hans synsvinkel kunne jo vest ha spar ti, då hadde det vore von om beit). Dimed fekk
Gawryś stikk for både kongen og tiaren i spar, og det var nok – 13 IMP til Sveits.
 
Det einaste utspelet som aktuelt kan leia til beit, er truleg liten hjarter. Om vest byrjar med niaren, indikerer jo det kortfarge, men med liten hjarter ut kan det vera ei moglegheit å ta finessen. Alternativt må ein nesten basere seg på å stela ein spar med ruter dame, og ein veit ikkje på dette tidspunktet at ikkje ruter dame trengst for å trekkje ut trumfen. Sjansen for at sørven er frå ei laus dame mot ein storeslem er kanskje likevel marginal, men kven veit …

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger