AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Forsiktig, forsiktig
I denne vekas spel, som skriv seg frå 3. divisjon, var ikkje kontrakten den beste. Men dette er ingen grunn til ikkje å spela korta sine godt. 

 
D 7 6
8
8
E K D kn 9 8 6 4
 
 
E K 9 4 2
E kn 9 4
D 6 4
7
 
 
VestNordØstSyd
1 kldbl1 sp
2 hjdbl1)3 hj4 sp
passpasspass
1) Trekorts sparstøtte


Idet vest spelar hjarter fem ut og du får sjå blindemann, rynkar du naturleg nok litt på bryna. 6 kløver er ein iskald slem, og 6 spar er òg bra dersom sparen sit 3–2. Men du spelar ikkje slem, du spelar 4 spar, og heller enn å stille spørsmål ved makkers støttedobling, kan du jo rose makker for ikkje å ha opna 3 grand, som kunne ha slått uheldig ut. Det viktigaste spørsmålet i lagkamp må vera: Korleis sikrar du deg mot ekkel sits i den utgangen du faktisk er i?
 
I praksis spela sør, litt frustrert, spar ess og spar til dama. Det såg jo så lett ut, dette. Men då aust hadde utstyrt seg med knekt, ti fjerde i spar, byrja heile det vakre bordet bli ganske utilgjengeleg, og innan røyken hadde lagt seg, var sør nede på tragiske åtte stikk!
 
I realiteten har meldingane gjort det svært sannsynleg at aust kan ha fire spar (det er mindre vanleg å doble opplysande med ein femkorts major, så 5–0-sits drøftar vi ikkje her). Du og makkeren din har 26 honnørpoeng til saman, og likevel har aust altså opplysningsdobla, vest har meldt frivillig og aust har støtta makkeren, sjølv om dei ikkje rår over meir enn åtte hjarter til saman. Det tyder på at det er litt fordeling ute og går, og det typiske vil jo då vera at doblaren har aksjonert over 1 kløver på grunnlag av god tilpassing til dei umelde fargane, ergo kort kløver.
 
Om du skulle tvile på den premissen, er det likevel truleg at vest ville ha spela ut kløver dersom han hadde hatt singelton der, så det kan ikkje vera spesielt farleg å byrja med ein kløverrunde, og til og med to om båe fylgjer på den fyrste. Skulle aust stela den andre, stel du over, og har no stålkontroll ved å spela to høge trumf. Kastar aust i staden eit kort på den andre kløveren, køyrer du sjølvsagt på med ein tredje kløver, og kastar han endå eit kort, kan du etterpå til dømes spela ruter: Du har allereie fått fire stikk, og med åtte trumf intakte, får du nok skrapa saman seks stikk til.
 
Skulle kløveren vise seg å sitja 2–2, er framhaldet litt meir komplisert, så la oss hoppe til det som skjer denne gongen, nemleg at aust er renons allereie på fyrste kløverrunde. Han stel, og gjer sitt beste ved å tvinge bordet til å stela, gjennom å spela ruter ess og ruter til dama og kongen.
 
Mistanken om at aust byrja med fire spar er kraftig styrkt, så det er no greitt å køyre på med kløver. Aust må nesten stela, men no kan du stela over. Sidan aust har brukt to av trumfane sine allereie, er det berre å spela høg trumf og entre bordet på spar dame: Trumfen er no ute, og resten står.
 
Heile spelet:

 
D 7 6
8
8
E K D kn 9 8 6 4
 
3
K 10 5 2
K 9 5 2
10 5 3 2
kn 10 8 5
D 7 6 3
E kn 10 7 3
-
 
E K 9 5 2
E kn 9 4
D 6 4
7
 

 
Heimgang i soneutgangen ville faktisk ha vore eit stort gevinstspel. Heller ikkje motstandarane på det andre bordet fann 6 kløver – tvert imot døydde dei i 3 grand, der ruterutspel gav ei lynrask beit.

Av Erlend Skjetne